Val

I 2019 blei det gjennomført kommunestyre- og fylkestingsval til den nye kommunen.

Utval og komitear

Ålesund formannskap

Medlemmar til Ålesund formannskap blei valt på konstitueranse møte 24.10. Sjå oversikt over medlemmar og kontaktinformasjon. 

Ålesund kontrollutval

Sjå oversikt over medlemmar og kontaktinformasjon til Kontrollutvalet. 

Komité for oppvekst - faste medlemmar

  • Anne Berit Støyva Emblem, leiar
  • Hans Endre Sæterøy, nestleiar
  • Emil Korsnes
  • Njål Bele
  • Tor André Gram Frank
  • Thommas Andre Kvam
  • Silje Sandøy Husøy
  • Sunniva Bøstrand
  • Bjørn Sandnes
  • Ewa Hildre
  • Øystein Tvedt
  • Jan Kristian Behrentz
  • Hedda Aasen
  • Ole G. Steen
  • Malena Strømmen Malakzadeh
  • Marit Nerås Krogsæter
  • Camilla Vatne
  • Karoline Stette
  • Knut Alexander Mo

Komité for kultur og medborgarskap - faste medlemmar

  • Kari Grindvik, leiar
  • Arnt Ove Tennfjord, nestleiar
  • Nora Morken Farstad
  • Toril Leganger
  • Sagvan Fathi Ahmed
  • Daniel Poor
  • Asgeir Berg
  • Norvald Helge Lausund
  • Wenche Gausnes Aasen
  • Jessica Gãrtner
  • Preben Dimmen
  • Roar Salen
  • Joakim Skaar
  • Lisa Alvestad
  • Frode Dyrkorn
  • Tore Hovland
  • Kristin Krohn Devold

Komité for helse og omsorg - faste medlemmar

  • Siv Katrin Ulla
  • Eva-Brit Langva
  • Åse Kristin Ask Bakke
  • Svein Rune Johannesen
  • Ove Økland
  • Sigmund Haugen
  • Fredrik Skodje
  • Thorbjørn Fylling
  • Inger Margrethe Landsverk
  • Monika Molvær
  • Rolf Longva
  • Helge Ervik
  • Ester Walgermo
  • Olger Drønnesund
  • Eldar Eilertsen
  • Janet Roelofs
  • Eivind Davik
  • Ann Marie Skarbø
  • Randi Karin Asbjørnsen

Komité for teknisk, miljø og samferdsel - faste medlemmar

  • Dag Olav Tennfjord
  • Randi Valderhaug frisvoll
  • Sindre Nakken
  • Geir Ove Leite
  • Tove Nygård
  • Vebjørn Krogsæter
  • Kirsti Dale
  • Hege Kirstin Natland
  • Jarle Hauge Steffensen
  • Anders Lindback
  • Tore Johan Øvstebø
  • Arne Rongve
  • Cine Finstad Austnes
  • Håkon Lykkebø Strand
  • Sissel Standal
  • Frode Andresen
  • Lene Vadseth Larsgård
  • Hans Kjetil Knutsen
  • Wenke Engvik Gjørtz

Planutval - faste medlemmar

  • Tore Johan Øvstebø, leiar
  • Hans Endre Sæterøy, nestleiar
  • Sindre Nakken
  • Tove Nygård
  • Karoline Stette
  • Frode Dyrkorn
  • Roar Salen
  • Sissel Standal
  • Eva-Brit Langva
  • Sunniva Bøstrand
  • Norvald Helge Lausund
  • Wenche Gausnes Aasen
  • Hans Kjetil Knutsen

 

 

Medlemmar i nye Ålesund kommunestyre

Avtale om fellespolitisk plattform

Ein fellespolitisk plattform er inngått mellom partia i det nye kommunestyret for nye Ålesund kommune. Den politiske plattformen gjeld frå 2020-2024 og er inngått mellom partia Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Kristelig Folkeparti, Miljøpartiet De Grønne, Sosialistisk Venstreparti og Venstre.

pdfLast ned fellespolitisk plattform

Val til kommunestyre- og fylkesting 2019

Valet i 2019 skal gjennomførast som om nye Ålesund kommune er allereie er sett i drift.  Alle som stemmer ved valet i 2019 skal velje representantar til kommunestyret i nye Ålesund kommune som trer i kraft 1. januar 2020.

Det skal veljast 77 representantar frå dei forskjellige partia til det nye kommunestyret.

Fellesnemnda i nye Ålesund vedtok i møte 08.11.2018 desse 14 valkretsane i kommunen:

Valkrets

Stemmestad

Valkretsar i nye Ålesund kommune

Hessa, Skarbøvik og Aspøy Skarbøvik ungdomsskole, gymsal
Sentrum Ålesund rådhus
Nørvøy, Nørvasund og Hatlane Larsgårdhallen
Spjelkavik, Åse og Lerstad Spjelkavik idrettshall
Indre Borgund (Blindheim, Flisnes og Emblem)     Blindheim idrettshall
Ellingsøy Ellingsøy idrettshall
Skodje Gomerhuset
Ørskog Ørskog kulturhus
Vatne og Tennfjord Eidet kulturhall
Brattvåg, Hilde og Søvik Ingebrigt Davik-huset
Lepsøy Lepsøy skule
Haramsøya og Longva Haramsøy skule
Fjørtoft Fjørtoft skule
Sandøy Sandøytunet

 

Du avgjer sjølv om du vil stemme ved både kommunestyrevalet og fylkestingsvalet , eller om du vil stemme berre til det eine valet.  Du kan stemme berre ein gong.
Du vil finne stemmesetlar til begge vala i valavlukket.

Sidan den nye kommunen skal nytte elektronisk manntal, kan veljarane stemme der dei vil i kommunen også valdagen.
Døme: Er du folkeregistrert i Skodje kan du stemme i alle dei 14 stemmekretsane i nye Ålesund, både på førehand og på valdagen.

Valstyret

Fellesnemnda har oppnemnd desse til å vere valstyret:
1. Eva Vinje Aurdal, Ålesund
2. Tore Johan Øvstebø, Ålesund
3. Vebjørn Krogsæter, Haram
4. Randi Walderhaug Frisvoll, Haram
5. Dag Olav Tennfjord, Skodje
6. Karoline Hauglid, Skodje
7. Knut Harstad, Ørskog
8. Torill Leganger, Ørskog
9. Oddvar Myklebust, Sandøy

Valstyret delegerer vidare sitt mynde til praktisk valgjennomføring til prosjektleiar i nye Ålesund kommune. Prosjektleiar skal kvalitetssikre valgjennomføringa og politisk sekretariat i Ålesund skal vere sekretariatet til valstyret.

Møteplan for valstyret med oversikt over saker og vedtak finn du her

Førehandstemming

Tidleg førehandstemming er frå 1. juli og ordinær førehandstemming innanriks er i perioden 10. august - 6. september 2019.

Du kan førehandsstemme i alle kommunar i landet i perioden 12. august til 6. september. 
På alle dei 5 rådhusa har ein laga til "stemmelokale" som er ope i opningstida til rådhusa.

Så har vi stemmemottak på Amfi Moa frå 19.08. til 06.09. Du finn oss ved hovedinngangen/rulletrappa "nye delen" 
Her er vi mandag til fredag kl. 12.00 - 18.00. Laurdag 24.08 og 31.08 er opningstida 12.00 - 16.00.
Fredag 06.09. stenger vi kl. 14.00.

Nytt er førehandsmottak på Digerneset. Her kan du stemme i perioden 26.08 - 05.09. Vi held til i Polarbad sine lokale.
Opningstida er mandag - fredag 14.00-18.00. Laurdag 31.08 er opningstida 10.00 - 15.00

Oversikt over alle stemmestadane i førehandstemmeperioden i Ålesund finn du på valglokaler.no 
og på denne lista: pdfTid_og_stad_for_førehandstemming.pdf

Kommunen tar også imot førehandsstemmer på helse- og sosialinstitusjonar. Desse finn du også på valglokaler.no

Lister ved kommunestyrevalet

Desse 13 listene vart godkjende av valstyret torsdag 16. mai. Det er i alt 480 kandidatar til dei 77 plassane i kommunestyret.  

pdfArbeiderpartiet.

pdfFremskrittspartiet.

pdfHøyre.

pdfKristelig Folkeparti.

pdfLiberalistene.

pdfMiljøpartiet De Grønne.

pdfPartiet De Kristne.

pdfPensjonistpartiet.

pdfRødt.

pdfSenterpartiet.

pdfSV - Sosialistisk Venstreparti.

pdfVenstre.

pdfÅlesundslista Tverrpolitisk liste for Ålesund.

Klage:
Klage med krav om endring av valstyret sitt vedtak om å godkjenne eller forkaste eit listeforslag, må leggast fram for valstyret innan sju dagar etter kunngjeringa av overskriftene på dei godkjente vallistene.

Oversikt over parti som stiller liste i Møre og Romsdal, finn du på fylkeskommunen si nettside.

Kvar og når kan eg stemme på valdagen?

Valting i nye Ålesund kommune er måndag 9. september klokka 10.00 – 21.00 i alle vallokale, med unntak av Fjørtoft krets med opningstid klokka 15.00 – 20.00 og Lepsøy krets med opningstid klokka 13.00 – 20.00.

Valkrets

Stemmestad

Valkretsar i nye Ålesund kommune

Hessa, Skarbøvik og Aspøy Skarbøvik ungdomsskole, gymsal
Sentrum Ålesund rådhus
Nørvøy, Nørvasund og Hatlane Larsgårdhallen
Spjelkavik, Åse og Lerstad Spjelkavik idrettshall
Indre Borgund (Blindheim, Flisnes og Emblem)     Blindheim idrettshall
Ellingsøy Ellingsøy idrettshall
Skodje Gomerhuset
Ørskog Ørskog kulturhus
Vatne og Tennfjord Eidet kulturhall
Brattvåg, Hilde og Søvik Ingebrigt Davik-huset
Lepsøy Lepsøy skule
Haramsøya og Longva Haramsøy skule
Fjørtoft Fjørtoft skule
Sandøy Sandøytunet

På valdagen må du stemme i heimkommunen, altså i den kommunen der du er innført i manntal. Alle veljarar som tidlegare var manntalsførte i ein av dei kommunane som frå 01.01.2020 utgjer nye Ålesund kommune (dvs. Sandøy, Ørskog, Skodje, Haram og Ålesund) er no manntalsførte i Ålesund, og kan stemme ved eit av totalt 14 vallokale i kommunen. Sjølv om det på valkortet ditt står kva krets du tilhøyrer kan du fritt velje mellom dei 14 vallokala på lista ovanfor.

Kva blir rekna som heimkommune når det gjeld manntal?
Der du ifølgje folkeregisteret er busett 30. juni. Det vil seie at folkeregisteret må ha mottatt eventuell flyttemelding seinast 30. juni for at du skal vere manntalsført på ny adresse.

Ofte stilte spørsmål om val

Kven har stemmerett ved fylkestingsvalet og kommunestyrevalet i 2019?
Norske statsborgarar født i 2001 eller tidlegare.
I tillegg har utanlandske statsborgarar som fyller vilkåra i vallova § 2-1 stemmerett under visse føresetnader. Dei må ha stått innført i folkeregisteret som busett i Noreg dei tre siste åra før valdagen, eller vere statsborgar i eit anna nordisk land og ha blitt folkeregisterført som busett i Noreg seinast 30. juni i valåret.

Kan ein stemme heime dersom ein har nedsett funksjonsevne?
Ja, du kan førehandsstemme heime. Veljarar som ikkje kan oppsøke eit vallokale, kan søke om å få stemme heime. Det er ingen formelle krav til søknad.

Den som vil stemme heime kan ringe servicetorget tlf 70 16 20 00 og oppgi namn, adresse og telefonnummer. Veljaren vil så bli kontakta av sekretariatet for å avtale eit tidspunkt.

Kan ein stemme heime på sjølve valdagen?
Nei. Tilbodet om å stemme heime gjeld berre ved førehandsstemming.

Kan ein førehandsstemme via internett?
Nei. Det var eit forsøk med internettstemming i nokre kommunar i 2011 og 2013, men det er ikkje vidareført.

Kan ein bestille transport til vallokale?
Eit mogleg transporttilbod er under utgreiing, og dersom kommunen finn ei løysing vil det kome informasjon om det seinare.

Kva endringar kan ein gjere på setelen?
Veljaren kan ved fylkestingsval og kommunestyreval gi kandidatar på stemmesetelen ei personstemme.
Dette gjer ein ved å sette eitt merke ved kandidaten sitt namn.
Veljaren kan ved kommunestyreval også gi ei personstemme til kandidatar på andre vallister.
Dette gjer ein ved å føre desse kandidatnamna opp på stemmesetelen. Slik personstemme kan ein
gi til eit tal kandidatar som tilsvarar ein fjerdedel av det talet medlemar som skal veljast til
kommunestyret. I nye Ålesund kommune er det 19 (25 % av 77).

Dersom veljaren gir personstemmer til kandidatar som kan veljast på andre lister, blir eit tilsvarende tal
listestemmer overført til den eller dei listene desse kandidatene står oppført på.
Andre endringar på stemmesetelen tel ikkje med ved valoppgjeret.
Mange spør om det er lov å stryke kandidatar. Nei, det er det ikkje.

Blir stemmesetelen forkasta dersom ein gjer andre endringar?
Nei, ugyldige endringar fører ikkje til forkasting. Endringane blir berre sett bort frå. Dersom du til dømes stryk over eit partinavn eller kandidatnavn, blir det ikkje godkjent som ei endring.

Kva skal til for at ein stemmesetel blir godkjent, altså ikkje forkasta?
Setelen må stemplast før du legg han i urna. Det må også gå fram kva parti du har stemt på om du ikkje stemmer blankt, og partiet må stille liste i ditt valdistrikt.

Må alle vise legitimasjon? Og kva blir godkjent som legitimasjon?
Regelen er JA. Legitimasjon må ha namn, fødselsdato og bilde.

Kan ein veljar stemme for andre ved fullmakt?
Nei, det er alltid veljaren sjølv som skal stemme.

Kan ein stemme på nytt dersom ein angrar seg?
Nei, stemma du gir er endeleg.

Må veljaren bruke avlukket sjølv om han har med seg setel?
Ja. Det er for å sikre hemmeleg val og for å unngå fare for kjøp og sal av stemmer.

Kva skjer dersom veljaren kjem ut av avlukket utan å ha bretta setelen riktig?
Då må veljaren inn i avlukket igjen for å brette riktig. Ingen skal vise eller fortelje kva dei har stemt så lenge dei er inne i vallokalet.

Kan fleire veljarar gå saman inn i avlukket?
Nei, stemmegiving skal skje i einerom og usett for å sikre hemmeleg val.

Kva med veljarar som treng hjelp?
Det er alltid stemmestyret/ valmedarbeidaren som skal hjelpe. I heilt spesielle tilfelle, til dømes ved sterk funksjonshemming, kan veljar peike ut ein hjelpar i tillegg til valmedarbeidaren. Du kan også be om hjelp utanfor vallokalet. Alle hjelparar har sjølvsagt teieplikt.

 

Informasjon om val

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.