Skrevet den . Publisert i Aktuelt

Organisasjonsplan for nye Ålesund kommune

Organisasjonsplanen skal tene som reiskap for omstilling frå gamle organisasjonar til ny organisasjon. Den har difor fokus på formelle strukturar som einingar, einingsnivå, leiarstruktur, årsverk og styringsspenn.

Mål og strategiar for tenester, myndigheitsutøving og samfunnsutvikling er difor ikkje med i dette dokumentet. Du finn meir om dette i t.d. intensjonsavtalen på denne sida, og grunnlagsdokumenta som ligg under kvart stabs- og kommunalområde.

Forslag til organisasjonslan har vore ute til høyring. Etter dette har forslaga og høyringsuttalar vore diskuterte i leiargruppa til nye Ålesund kommune, før eit konkret felles forslag blei drøfta med tillitsvalde. Prosjektleiar vedtok endeleg organisasjonsplan 25. februar 2019.  

pdfOrganisasjonsplan for nye Ålesund kommune