Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Etasjeinndeling i rådhuset og flytting

astrid j. eidsvikProsjektrådmannen går gjennom etasjeplanane for Ålesund rådhus og framdrift i flytteprosessen i ein video i denne artikkelen, Artikkelen har også ei tekstleg opplisting over planane.

Leiargruppa har gått gjennom innspela på etasjeplanane etter at kvar etasje i rådhuset fekk presentert korleis deira område er tenkt plassert.

Arkitektkontoret Slyngstad og Aamlid har saman med Norconsult, sett på korleis kommunen på best mogleg måte kan innplassere tilsette i dei fem eksisterande rådhusa.

Flytteprosessen er knytt opp til den vedtatte lokaliseringsplanen og dei eksterne konsulentane skal også lage ei oversikt og planlegge framtdrifa for flytteprosessane knytt til alle rådhus og tenester.

Video

Her er videoen der rådmann Astrid J. Eidsvik forteller om etasjeplanen og flytteprosessen, Informasjonen ligg også skriftleg, under videoen:

Her er planen over kven som skal sitte kvar i Ålesund rådhus:

  1. etasje: Innbyggartorg og rådhusdrift
  2. etasje: Innkjøp, geodata, grunnseskjonen, eigedomsdata og fagstaben til kommunalområdet, miljø, by- og stadutvikling.
  3. etasje: Dokumentsenteret og stabsområdet for økonomi og verksemdstyring.
  4. etasje: IT-avdelinga, resten av stabsområdet til teknologi og innovasjon.
  5. etasje; PPT, flyktning,
  6. etasje; Stabsområdet for strategi, samfunns- og næringsutvikling, plan og byggesak frå kommunalområdet miljø, by- og stadutvikling.
  7. etasje: Avdelingane for veg, anlegg og park og vatn, avløp og renovasjon frå kommunalområdet miljø, by- og stadutvikling.
  8. etasje: Personal og organisasjon.
  9. etasje: Helse og omsorg, velferd og sysselsetting og fagstaben til barn, familie og integrering og oppvekst. Denne etasjen blir knapp arealmessig og her vil det bli tatt ein ny runde.
  10. etasje: Rådmannen og leiargruppa til rådmannen( stabsleiarane og kommunalsjefane), kommuneadvokatane, kommunikasjon, politisk sekretariat, ordførar og varaordførar.

Kultur og medborgarskap skal halde til i 3. etasje i lavblokka saman med tillitsvalde og vernetenesten for heile kommunen.

Flytting

Bodskapen frå rådmann Astrid J. Eidsvik er at den omfattande flytteprosessen ikkje startar umiddelbart frå begynninga av januar 2020. Det vil bli lagt ein plan for flyttinga. Det vil skje gradvis utover året.

Ei flytting må meldast i god til til IT slik at vi sikrar at datautstyret til den enkelte virkar frå første stund når ein er på plass på nytt kontor.

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.