Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Kva meiner du om kommunens økonomi og planstrategi?

Haram kommune, Foto Peder Otto Dybvik

Formannskapets innstilling til handlings- og økonomiplan 2020-2023 og budsjett 2020 er ute på offentleg høyring fram til 1. desember. Du kan sei di meining om kommunens økonomi og planstrategi!

5. november 2019 behandla formannskapet rådmannens forslag til handlings- og økonomiplan 2020-2023 og budsjett 2020, samt kommunal planstrategi. Formannskapets innstilling er no til offentleg høyring fram til 01.12.2019.

Les formannskapets innstilling til handlings- og økonomiplan 2020-2023 og budsjett 2020.

Gå direkte til vår digitale handlings- og økonomiplan 2020-2023 og budsjett 2020.

Planstrategi ute på høyring

Kommunal planstrategi vart og behandla av formannskapet 5. november 2019. Formannskapets innstilling er no til offentleg høyring fram til 9. desember. Kommunal planstrategi skal vedtakast kvar valperiode. Planstrategien er ikkje ein plan, men ein oversikt over kommunen sine planar og styringsdokument, med ei vurdering og prioritering av kva planarbeid ein må bruke ressursar på i løpet av fireårsperioden.

Føremålet er å klargjere kva for oppgåver kommunen bør starte opp eller vidareføre for å legge til rette for ønska utvikling i kommunen. Planstrategien ligg på høyring og vi ber om innspel så snart som råd og seinast innan 9. desember.

Les formannskapets innstilling til kommunal planstrategi

Gå direkte til vår digitale kommunale planstrategi på nett

Sei di meining

Nye Ålesund kommune oppfordrar innbyggarane til å sei si meining gjennom høyringsuttalelse. Høyringsinnspel kan sendast til Nye Ålesund, Postboks 1521, 6025 Ålesund eller digitalt på e-post til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den..

Kommunestyret skal gjere endeleg vedtak 12.12.2019.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.