Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Kommunikasjonsansvarleg for smarte Ålesund tilsett

Anne Bente Skjellum web

Anne Bente Skjellum (52) er tilsett i den nyoppretta stillinga som kommunikasjonsansvarleg for smartbysatsinga til nye Ålesund kommune.

Skjellum har vore kommunikasjonsansvarleg for prosjektet med å bygge nye Ålesund kommune sidan våren 2017. Ho er no tilsett som kommunikasjonssjef i den nye kommunen. Ho var også kommunikasjonssjef i noverande Ålesund kommune, ei stilling ho har hatt sidan februar 2014. Anne Bente har lang fartstid som journalist og vaktsjef i NRK og har vore tilsett som reporter i TV2. Før ho kom til Ålesund kommune, var ho redaktør og kommunikasjonsansvarleg i Norges Korforbund. Anne Bente er utdanna journalist frå Høgskulen i Volda, i språk (fransk og norsk) og jus frå Universitetet i Bergen.

Stillinga som kommunikasjonsansvarleg for smarte Ålesund får ei sentral rolle i å utvikle kommunikasjonen rundt Ålesunds smartbyarbeid internasjonalt, nasjonalt, regionalt og lokalt, og er knytt til FNs framtidslab – U4SSC (United for Smart and Sustainable Cities) som er oppretta på Norsk Maritimt Kompetansesenter.

-    Det er spennande og utfordrande å vere med  å utvikle Ålesund til å bli smart og berekraftig og gjere arbeidet som skjer kjent og forståeleg. Eg gler meg også til å samarbeide  med partnarar frå akademia, næringsliv og andre samfunnsaktørar. Dette var ei utfordring eg ikkje kunne la gå frå meg, seier Anne Bente Skjellum.

Nye Ålesund, Sula og Giske var den første byregionen som vart tatt opp i FN sitt smartbynettverk, eit program som er basert på kjerneverdiane i FN sine berekraftsmål. Ålesund har høge ambisjonar om å bli ein smart by som bruker teknologi til å utvikle tenestene på ein berekraftig og innovativ måte med mennesket i sentrum. I botnen av alt planarbeid, utvikling og innovasjon i kommunen skal FN sine berekraftsmål ligge.
 

-    Med Anne Bente Skjellum på plass vil vi får vi ein sterk fagperson som skal bidra til at vi lykkast i dialogen både mot innbyggjarar, næringsliv, akademia og frivillige, seier rådmann Astrid J. Eidsvik.

 

Offisiell opning 7. november

Torsdag 7. november opnar Ålesund Nord-Europas første framtidslab i Ålesund,  i samarbeid med FN. FN sin framtidslab – U4SSC koplar folk, idear og berekraftsprosjekt frå akademia, offentleg og privat sektor. Det blir gjort både fysisk og konkret i samskapingslokale, men også på digitale delingsarenaer for andre byar, besøkande og samarbeidspartar. Målet til laben er å utvikle og iverksette berekraftsprosjekt innan tema som utdanning, helse, infrastruktur, mobilitet, energi i tillegg til å støtte og få fart på nye prosjekt.

Ålesund har gjennom NTNU, NMK og det marine og maritime miljøet, ein unik tilgang til både teknologisk infrastruktur, forskings- og utviklingsmiljø og kompetansenettverk. FN-nettverket samarbeider også med Offshore Simulator Center (OSC) ved Campus i Ålesund. Målet er å utvikle eit simuleringsverktøy for berekraftig by- og regionsutvikling der store mengder data blir vist på ein intuitivt og lett forståeleg måte.

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.