Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Årets nynorskkommune

Årets nynorskkommuneNye Ålesund utmerkjer seg ved å ha ei raus og demokratisk innstilling til språk, meiner juryen. Prisen er på 100 000 kroner.

– Nye Ålesund er inne i ein krevjande samanslåingsprosess, og språkmedvitet har vore tydeleg heilt frå starten, seier juryleiar og seksjonssjef i Språkrådet, Margrethe Kvarenes.

Bakgrunnen for at nye Ålesund får prisen, er at det i intensjonsavtalen står at kommunen skal ha nynorsk målvedtak. All publikumsinformasjon om den nye kommunen er på nynorsk i prosjektperioden. Kommunen brukar òg nynorsk i møte med næringslivet, i sosiale medium og i innbyggjarmagasinet «I støypeskeia». Juryen meiner tiltaka er inspirerande for alle som arbeider i område med stort språkmangfald.

– Språkspørsmålet har vore sentralt i diskusjonane rundt den nye storkommunen, og juryen håpar at prisen vil verke samlande i det vidare arbeidet, seier Kvarenes.

Kommunestyret skal bestemme kva målføre den nye kommunen skal bruke i eit av sine møte.

Ein føregangskommune

«Den nye storkommunen er ein føregangskommune i arbeidet med å sikre nynorsken i kommune- og fylkesreforma, og han kjem til å bli den største nynorskkommunen i landet. Juryen håpar prisen kan bidra til mykje godt nynorskarbeid i den nye storkommunen og til å skape trygge og gode nynorskbrukarar i heile kommunen – også i det som i dag er ein bokmålsby», står det i grunngjevinga.

Kulturminister Trine Skei Grande delte ut prisen på Kulturhuset i Oslo til varaordførar i Skodje, Geir Ove Leite som representerte den nye kommunen saman med ordførar Eva Vinje Aurdal.

Kvart år sidan 2009 har Kulturdepartementet og Språkrådet delt ut prisen «Årets nynorskkommune». I år har juryen særleg konsentrert seg om kommunar som har gjort eit ekstra arbeid for å sikre nynorsken i kommune- og fylkesreforma.

Kva betyr det å vere nynorskkommune?

Nye Ålesund skal vere nynorskkommune, men det betyr ikkje at alle innbyggarar, skolar og tilsette må skrive nynorsk.

I intensjonsavtalen har politikarane vedtatt reglar for målbruk i nye Ålesund kommune

Her er reglane som gjeld i følge avtalen og som også følger målloven:

Krav til svar

Alle som skriv til kommunen, har krav på å få svar på den målforma som er brukt i skrivet. Hvis kommunen ikkje kjenner språkønsket til vedkommande, står kommunen fritt i val av språkform. Dette er i samsvar med mållovas § 6.

Tilsette

Tilsette kan bruke bokmål i sitt daglege arbeid, for eksempel i referat, notatar og rapportar og i skriv til innbyggarane der det ikkje er krav til ei bestemt målform.

I saksutgreiingar som skal til politisk behandling, protokollar frå møte i folkevalde og administrative organ skal det brukast nynorsk. Skriftlege forslag til vedtak som blir fremma i møte, skal førast inn i protokollen på den målforma forslaget er skrive på.

Skolar

Grunnskolane skal fortsette med den målforma dei har når nye Ålesund formelt slåast saman 1. januar 2020. Endringar kan først skje etter eit nytt vedtak.

Nynorsk

Kommunen skal bruke nynorsk i:

  • utforminga av internett og interne nettsider
  • informasjonsmateriell og kunngjeringar (annonsering)
  • lokale forskrifter, reglement og retningslinjer

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.