Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Jobbe hos oss?

nye alesund kommune sandyhagen sandy tonemolnes TMO0988Det er ledig stillingar som assisterande rektor og rektor i Skodje og på Harøy, klinisk ernæringsfysiolog, styrar i barnehage, saksbehandlarar innan helse og omsorg og avdelingsleiar i butenesten. Bli med på reisa!

Assisterande rektor Skodje

Skodje ungdomsskule er ein skole med 158 elevar og skolen er ivekst. Om fire år er det berekna at elevtalet vil nærme seg 250 elevar. Skolen står framfor ei utbygging for å kunne romme alle elevane. Skolen ar 22 årsverk i staben. Lærarane er organiserte i team der leiarane er med plangruppa som legg opp arbeidet saman med leiinga.

Stillinga har etter delegering frå rektor faglege, pedagogiske, administrative og personaladministrative arbeidsoppgåver. Stillinga har om lag 75% administrasjonsressurs og 25 %  undervisning. Assisterande rektor trer inn for rektor når denne er fråverande.

Her kan du lese heile stillingsannonsa.

Søknadsfristen er 25. oktober.

Rektor og assisterande rektor på Harøy

Rektor har det faglege, pedagogiske, administrative og personaladministrative ansvaret for drifta av skulen. Nærmaste overordna er einingsleiar for oppvekst og kultur.

Assisterande rektor har etter delegering frå rektor faglege, pedagogiske, administrative og personaladministrative arbeidsoppgåver. Stillinga har 70 % administrasjonsressurs og 30 %  undervisning. Assisterande rektor trer inn for rektor når denne er fråverande.

Du finn stillingane under Ledige jobbar i Ålesund.

Søknadsfristen er 15. oktober.

Styrar i  Prestemarka barnehage

Prestemarka barnehage ligg i sentrum av Skodje. Barnehageåret 2019 - 20 har barnehagen omlag 110 barnehageplassar i bruk. Barnehagen blei opna i august 2014 og ligg i nærleiken av skog og mark, sjø, skole, bibliotek, idrettsanlegg m.m.

Du finn stillinga under Ledige jobbar i Ålesund.

Stillinga er ei 100 % fast stilling som er ledig for oppstart 01.01.20.

Søknadsfristen er 20. oktober.

Avdelingsleiar butenesten

Stillinga er i avdelinga for butenester i midtre del av Ålesund. Tenesten er ein omsorgsteneste i bemanna bustader for utviklingshemma eller andre med alvorleg funksjonsnedsetting, og avlasting til heimebuande utviklingshemma og andre med sterkt nedsett funksjonsevne. Avdelingsleiar rapporterer til verksemdsleiar.

Stillinga er ei 100 % fast stillingsom er  ledig for oppstart 01.01.20.

Du finn stillinga under Ledige jobbar i Ålesund.

Søknadsfristen er 27. oktober.

Klinisk ernæringsfysiolog

Den nyoppretta stillinga som klinisk ernæringsfysiolog er del av nye Ålesund kommunes satsing på betre kosthald og betre folkehelse.
 
Stillinga skal styrke kontakten og informasjonsflyten mellom matproduksjonen og dei som mottar og et måltida våre.
 
Som klinisk ernæringsfysiolog vil du samarbeide tett med kjøkkensjefane i alle kommunale verksemder i nye Ålesund kommune, og du vil i stor grad drive opplysningsarbeid med førebyggande og praktisk veiledning om kosthold og ernæring.

Dette er ei 100 % fast stilling som er ledig for oppstart 01.mars 2020.

Du finn stillinga under Ledige jobbar i Ålesund.

Søknadsfristen er 16. oktober.

Saksbehandlarar

Avdelinga for koordinering og tildeling har no 4 x 100 % faste stillingar ledig for oppstart etter avtale. Koordingering og tildeling høyrer til kommunalområdet for helse og omsorg.
 
Eit viktig mål for kommunen er å gi god kvalitet og behandling til den enkelte innbyggar som søker tenester. Den som skal arbeide med koordinering og tildeling må ha god kunnskap om kommunens tenester, og være serviceinnstilt.
Tenestene blir tildelt etter ei individuell vurdering. Du som saksbehandlar skal ha fokus på brukarmedverknad, dialog og samhandling. Mange av våre brukarar har behov for sammensatte tenester, og vi har eit koordinerings ansvar for dette.
 
Vi har no ledig 100 % stilling i avdelinga Ålesund sentrum, der arbeidet er å behandle søknadar om ordinære helse – og omsorgstjenester.
 
I vår avdeling i Brattvåg har vi ledig 3 x 100 % stillingar:
1 x 100% for å behandle søknadar om psykiatri- og rustenester
1 x 100% for å behandle søknadar om tenester til barn med særskilte behov
1 x 100% stilling som forløpskoordinator barn og familie

Du finn stillingane under Ledige jobbar i Ålesund.

Søknadsfristen er 27. oktober.

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.