Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Berekraftsløftet - Stavangererklæringa

berekraftsml cropNye Ålesund har vore med på å utvikle Stavangererklæringa for å sikre forankring og framdrift i berekraftsarbeidet. Erklæringa blei arbeidd fram under konferansen Nordic Edge i Stavanger.

Berekraftsløftet blei til på ein 24 timars work shop og er eit nasjonalt prosjekt for smart og berekraftig samfunnsomstilling, som er støtta av FN. På work shopen møttast unge og gamle, offentlege og private aktørar, stat og kommune, forskingsflet og praksis for å meisle ut ei felles erklæring.

Stavangererklæringa

Dette er erklæringa som blei utvikla:

Berekraftsmåla gir ei fellesretning for samfunnstuviklinga for å oppnå sosial, økonomisk og miljømessig berekraft. Noreg er eit rikt land og har dei beste føresetnadane for å bidra i ein global dugnad. Å nå måla, krev felles innsats lokalt og globalt. Kommunane erkjenner at vi har ei sentral rolle i å nå berekraftsmåla - vi skal, vi kan og vi vil ta ansvar - no.

I samarbeid med FN skal vi:

  1. Gje alle kunnskap om status i sitt lokalsamfunn
  2. Utvikle planar for samfunnsutvikling som viser korleis vi skal nå berekraftsmåla
  3. Mobilisere og støtte innbyggarar, næringsliv, organisasjonar og akademia som bidrar til berekraftig utvikling
  4. Måle og evaluere effekten av innsatsen.

For å følge opp denne erklæringa, vil kommunane sikre forankring og framdrift.

Deltakarar

Desse var med på work shopen:

  • Asker kommune
  • Bodø kommune
  • Stavanger kommune
  • Trondheim kommune
  • Ålesund kommune
  • Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Trøndelag fylkeskommune
  • Viken fylkeskommune
  • KS
  • Innovasjon Norge
  • Doga (Design og arkitektur Norge)
  • NTNU
  • SINTEF
  • UNECE (FNs økonomiske kommisjon for Europa)
  • ITU (den internasjonale telekommunikasjonsunionen)
  • U4SSC - United for smart and sustainable cities (FNs smartbyprogram)

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.