Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Flytting mellom rådhus

arbeidsgruppa 040619 900x600Rådhusgruppa skal lage ei oversikt over flytteprosessane knytt til alle rådhus og tenester. Gruppa har bedt om ekstern hjelp for å sjå på korleis ein best kan utnytte eksisterande plass i rådhusa.

Arkitektkontoret Slyngstad og Aamlid med Norconsult har fått i oppdrag å sjå på korleis kommunen på best mogleg måte kan innplassere tilsette i dei fem eksisterande rådhusa og skal lage ei oversikt over flytteprosessane knytt til alle rådhus og tenester. I denne prosessen  må dei ta omsyn til at:

  • eventuelle framtidige leigelokale ikkje vil stå klare til 1. januar 2020, men mest sannsynleg til sommarferien 2020
  • kommunen disponener prosjektkontoret i Kremmergaarden til og med mars 2020
  • det er behov får å bruke det tidlegare arealet til ÅKE (Ålesund kommunale eigedom KF) i 2. etasje i Ålesund og prosjektkontoret så lenge kommunen disponerer det.

Det er venta at dette arbeidet blir ferdig i løpet av oktober. Rapporten vil bli diskutert med lokale leiarar og representantar frå dei fem rådhusa for å sikre at alle innspel blir høyrde. Flytteprosessen er knytt opp til den vedtatte lokaliseringsplanen.

Rådhusgruppa ser det som naturleg å starte flytteprosessen med landbrukskontoret som skal flytte frå Sjøholt til Brattvåg. Det er også ønskeleg å starte prosessen med å flytte barnevernet ut frå lokala på Skodje. Andre det er aktuelt å starte med, er dei tilsette på bemanningskontoret som skal flytte til Brattvåg og delar av tildelings- og koordineringskontoret. Dette vil begynne å frigjere lokale slik at andre avdelingar kan flytte dit dei skal.

Det er ønskeleg at bedriftshelsetenesten blir involvert i flytteprosessen.

Ålesund kommunes administrasjonsbygg AS

Formannskapet i Ålesund er generalforsamlinga til aksjeselskapet og har vedtatt å sjå på vedtektene til selskapet for å avgjere om selskapet kan stå for ei eventuell oppgradering av Ålesund rådhus. Om det er slik, vil oppgraderinga ikkje gå av investeringsbudsjettet som styrer utbygginga til kommunen, men av budsjettet til aksjeselskapet.Kommunen må rekne med høgare husleige for eit oppgradert bygg. Aksjeselskapet skal presentere framdrift og utgifter ved ei eventuell renovering for formannskapet.

I rådhusgruppa sit to tillitsvalde, hovudverneombod, rådmann, kommunalsjefen for miljø, stad- og byutvikling, kommunalsjefen for kultur og medborgarskap, personalsjef, driftsteknisk leiar for rådhusdrift og kommunikasjonssjefen. (Bildet er tatt på det første møtet og har ikkje med alle involverte)

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.