Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Årets Brand til nye Ålesund!

nyealesund brand foto Tone MolnesNye Ålesund blei kåra til Årets Brand på Industrial Design Conference  1. oktober! Prisen går til nokon som har utmerkt seg ved å skape, oppretthalde, vidareutvikle eller posisjonere seg.

Industrial Design Conference (IDC) er landet største industridesignkonferanse og held til på Øygardshamna på Giske.

I juryen si grunngjeving står det at prosjektet med å bygge nye Ålesund får prisen for innovativ merkvevarebygging for å skape og samle ein felles identitet rundt ein krevjande endringsprosess ved å engasjere og inkludere inbyggarane.

Juryen trekk fram visjonen til den visuelle profilen til nye Ålesund. (Det inneber logoen, måten nye Ålesund er skrive på i logoen og bilda vi bruker når vi presenterer kommunen): Ein positiv, varm, fargerik og fleksibel profil som er godt synleg - og som ikkje minst løftar fram kvar og ein sin identitet, og framsnakkar menneska som bur og har sitt levebrud i den nye kommunen på ein likeverdig og respektabel måte.

Juryen har inntrykk av at visjonen til det visuelle uttrykket er heilskapleg og gjennomført, at den har vore med på å drive prosessen og har fungert som ei god ledestjerne. Logoen og bildebruken visast på kommunens flater og møteplassar på ein imponerande måte, meiner juryen: Designprosessen og den visuelle identiteten har skapt felles mål som opplevast som meiningsfylte.

Juryen trekk også fram nye Ålesunds evne og vilje til samskaping med det lokale næringslivet gjennom for eksempel Smart Sustainable City lab og den digitale tvillingen.

Merkenamnet er eit godt grep som signaliserer at noko nytt skapast saman og at kommunen ikkje fortset som før.

Juryen meiner dette er god merkevarebygging som bør insprere andre kommunar!

Juryen

Juryen besto av:

Takk!

Tusen takk til juryen som kåra oss!

Takk til kommunikasjonsselskapet Havnevik for hjelp til utarbeiding av profil og til alle samarbeidspartnarar som gjer at vi kan utvikle den nye kommunen til beste for innbyggarane.

Vi gratulerer dei andre prisvinnarane Jets Vacuum med Bærekraftsprisen, Ulstein Group med prisen for Industridesign og Tango Seaweed med prisen Industrielle oppstart.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.