Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Vi søker leiarar

Digernes foto JohnColbensenNye Ålesund kommune søker plansjef og verksemdleiarar for vatn og avløp og plan, byggesak og geodata. Søknadsfristen er 1. november.

Kommunen blir ein stor arbeidsgivar med sine over 5 400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet, vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er nye Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Vi søker plansjef (avdelingsleiar)

Som vår nye plansjef får du spennande og utfordrande arbeidsoppgåver på strategisk nivå, og vil vere med å forme verksemdsområdet plan, byggesak og geodata i nye Ålesund kommune med fokus på mellom anna berekraft, digitale løysingar og samhandling til det beste for alle i den nye kommunen.

Sjå gjerne meir om arbeidsoppgåver, kvalifikasjonar og personlege eigenskapar som vi ser etter i stillingsannonsen.

Vi søker verksemdsleiar for vatn og avløp

Vatn og avløp er ein del av kommunalområdet miljø-, by- og stadutvikling i nye Ålesund kommune. Verksemda er organisert i seks avdelingar og vil få i overkant av 80 tilsette. Vatn og avløp står foran store utbyggingsprosjekt innan både vatn og avløp. Medarbeidarane vil være lokalisert i Ålesund og Brattvåg, kontorstad for deg som verksemdsleiar vil vere Ålesund.

Sjå gjerne meir om arbeidsoppgåver, kvalifikasjonar og personlege eigenskapar som vi ser etter i stillingsannonsen.

Vi søker verksemdsleiar for plan, byggesak og geodata

Du som verksemdsleiar vil ha ei viktig rolle i samordning og utvikling av tenesteområda for plan, byggesak, landbruk, geodata og eigedomsdata/oppmåling. I tillegg vil verksemda med 56 tilsette vere ein viktig aktør i utvikling og gjennomføring av smartby-strategiar og -konsept, der byregionen Ålesund har ei leiarrolle som ein aktiv deltakar i FN sitt smartby-nettverk. Verksemdsleiaren rapporterer til kommunalsjef og er med i leiargruppa for kommunalområdet.

Sjå gjerne meir om arbeidsoppgåver, kvalifikasjonar og personlege eigenskapar som vi ser etter i stillingsannonsen.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.