Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

4,5 millionar til breiband

ill.internet pixabay creative commons

Nye Ålesund har fått omlag 4 466 000 kroner til å bygge ut breiband på Flemsøy/Skuløy og Haramsøya. Tildelinga er øremerka område der kommersiell utbygging ikkje er lønnsam.

Det er 193 husstandar i området som no får støtte til breibandutbygging.

Nye Ålesund kommune har intensjon om å vere ein føregangskommune innan digitalisering og teknologibasert utvikling av tenestene.

-  At innbyggarane har tilgang på breiband i heimen er viktig for å oppnå dette. Det er også viktig med breibandsutbygging for at innbyggarane skal kunne delta aktivt i det digitale samfunnet både når det gjeld skolearbeid, i jobb og at dei kan busette seg der dei ønsker, seier påtroppande stabssjef for teknologi og innovasjon, Helge Veum.

Det er Stortinget som løyver pengane til å støtte utbygging av breiband der kommersiell utbygging ikkje er lønnsam. Det er fylkespolitikarane som fordeler dei i eige fylke etter innkomne søknadar. Det kom i denne omgangen inn 13 søknadar.

I tillegg til vel 17 millionar kroner løyvd frå Stortinget til tiltak i Møre og Romsdal, la fylkesrådmannen inn omlag 4,5 millionar kroner ekstra. Dette er midlar for tidlegare rundar med utlysingar, der prosjekta anten ikkje er blitt realiserte, blitt billigare enn planlagt og renteinntekter.

Tilskotet på 4 466 000 kroner til nye Ålesund vil dekke omlag 40 % av totalkostnaden ved breibandsutbygginga.

Her er heile saksframlegget til region- og næringsutvalet. Dei hadde møte 3. september.

Tidlegare tildelingar og avtalar

I tidlegare tildelingar har nye Ålesund fått tilsvarande midlar til breibandsutbygging for:

  • Hellestranda, Haram
  • Fylling/Hjelen, Skodje
  • Skarbø-Vestre, Ørskog

Dette kjem i tillegg til at nye Ålesund har gått inn med ytterlegare kommunale midlar for at Nordvestnett skal bygge ut fiber i desse områda:

  • Krogsætra, Haram
  • Bjørnøya, Haram
  • Vaksvika, Ørskog
  • Gausneset, Ørskog
  • Barlindhaugen, Ørskog
  • Tyssegardane, Ørskog

Og at Telenor skal bygge ut desse områda:

  • Kalvøya, Haram
  • Vestrefjorden, Haram
  • Skor, Ertresvågen, Grøt, Haram 
  • Skjeltene-Hildre, Haram 
  • Sandøya, Ona, Sandøy
  • Håem/Glomset/Heggebakk, Skodje
  • Svorta, Skodje
  • Straumen, Skodje
  • Reiakvam, Skodje
  • Utvika/Ellingsøyfjorden, Skodje
  • Stavset/Steinset, Skodje
  • Skar/Erstad/Grasdal, Skodje
  • Engset, Skodje
  • Taftasundet, Ålesund
  • Magerholm/Hesseberg, Ålesund

Søknadane er basert på høyringar, og kvar av kommunane har vore med å prioritere område for søknad i sin kommune. Desse områda vil bli ferdigstilt i løpet av 2020.

Kriteriet for tildelinga er at det ikkje er kommersiell interess for å bygge ut rakst brebiand til fastbuande i området.

Planar framover

Etter den planlagte utbygginga, vil det fortsatt vere enkelte område som manglar dekning, truleg flest i bysentrum og på Aspøya i gamle Ålesund der det kan vere ekstra krevjande å legge ny fiber.

Avhengig av kva område det gjelder vil Ålesund kommune avvente om det blir kommersiell utbygging eller gå i dialog med utbyggar om eventuell ekstra dekning.

Må ha hjelp frå innbyggarane

De kan vere område som kommunen ikkje har oversikt over, då er kommunen avhengig av tilbakemelding frå innbyggarar.

Les også:

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.