Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Fylket gir 2 mill. til smartare planlegging

ill smartbyÅlesund kommune får støtte frå fylkeskommunen til eit prosjekt der målet er å samle inn data og utvikle simuleringsmodellar for meir effektiv og framtidsretta kommunal planlegging og drift.

Prosjektet skal gjennomførast i samarbeid med Kristiansund kommune, Molde kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune. Næringslivet og forskingsmiljø vil også bli involvert. Kostnadsramma er på 4,2 mill. kroner, og prosjektet skal gå over 1,5 år. Ålesund kommune skal leie prosjektet.

Nye Ålesund, Giske og Sula var den første byregionen som blei med i FNs nettverk for smarte byar - United Smart Cities og nye Ålesund får også Nordens første smarte og berekraftige lab i regi av FN.

-Alt ligg til rette for at Møre og Romsdal kan ta ein posisjon både nasjonalt og internasjonalt i bruk av data og visualisering i kommunal planlegging. Innovasjons- og kunnskapsmiljøa ved campus i Ålesund og Molde ligg i front på dette feltet. Og koplar vi på kommunane sin plankompetanse, kan dette gi effekt for heile fylket, seier Runar Vestheim, leiar for regional- og næringutvalet.

Nokre eksempel på kva visualisering av store datamengder kan brukast til:

  • Prognosar og sanntidsbilete av biltrafikken som grunnlag for å dimensjonere kollektivtilbodet, vegprising, osv.
  • Utforming av digitale tvillingar av byen som visualiserer og skaper betre forståing av dynamikken i byutviklinga knytt til ulike variablar og teoriar.
  • Tilpassing av straumforbruket etter prisvariasjonar i marknaden og behov.
  • Forbetre bygging av og tilpassingar i kommunal bygg.

Sjå Møre og Romsdals fylkes nyheitssak og sakspapira i saken.

Ålesund smartby-lab

- Gjennom at Ålesund får verdas andre FN-lab for smart og berekraftig utvikling (den første er i Wien) får storkommunen og dei to andre byane i fylket tilgang til verdas største byutviklingsprogram og FNs kompetanse om smarte byar, seier framtidsnavigatør i nye Ålesund, Anne-Lise Sagen Major.

Som framtidsnavigatør skal ho setje innovasjonarbeidet i den nye kommunen i system og utvikle samarbeidet Ålesund har med næringsliv og akademia.

Smartby-laben handlar om å samle prosjekt, folk og kunnskap, bruk av kunstig intelligens og simulering av framtidige løysingar - alt i eit samarbeid med forskjellige aktørar.

- Ved faktisk å kunne sjå korleis planar på papir vil slå ut i det verkelege liv og ved å simulere forskjellige løysingar vil vi kunne levere tenester til beste for innbyggarane våre -og det er det som er målet, seier Sagen Major.

- Det handlar om å finne betre løysingar og ta betre avgjerder og dele desse med andre - både for bedrifter og det offentlege.

 Samarbeid er nøkkelen

Tilgang på store datamengder frå ulike kjelder er ein føresetnad for å lykkast. Å samle inn og bruke store datasett tilpassa kommunen sitt behov er ein ny måte å drive kommunal planlegging på. Det vil bidra til å forenkle og forbetre kommunal planlegging, og bidra til nye kunnskaps- og forretningsområde.

Nye Ålesund og FN samarbeider med Offshore Simulator Centre som har har brukt kompetanse og teknologi frå skipssimulatoren til å køyre simuleringar av for eksempel brannbil-utrykning i Ålesund.

Sjå videoar:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.