Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

FIRST® LEGO® League i Ålesund

First Lego leauge Ålesund 2018600 spente elevar frå nye Ålesund er klare for FIRST® LEGO® League 9. november.

Foto: Trine Helgå

600 elevar frå 27 klassar i nye Ålesund har arbeidd lenge og godt med årets oppdrag CITY SHAPER. Oppdraget skal inspirere til nysgjerrigheit mellom anna rundt arkitektur. Laget skal peike på korleis vi bygg byane og bygdene våre for fremtida gjennom betre løysingar for transport, tilgjengelegheit og bygningskonstruksjoner.

Laga skal vise frem prosjektet sitt gjennom robotkøyring og blir vurderte ut frå teknisk gjennomføring, dei skal presentere oppdraget sitt for dommarane og blir også vurderte ut frå presentasjon, marknadsføring og kjerneverdiar.

Alle deltakarane får premie, og det blir gitt pokalar i kvar klasse. På slutten av dagen står vi igjen med ein vinnar som skal vere nye Ålesunds representant i den skandinaviske finalen av FIRST® LEGO® League, der laget møter andre vinnarar frå Skandinavia og Færøyene.

Finalen i FIRST® LEGO® League i nye Ålesund blir halde på NMK (Norsk Maritimt Kompetansesenter), Borgundvegen 340 i Ålesund. Inngang mot vest, mot gravplassen. Arrangementet er opent for publikum.

FIRST® LEGO® League i nye Ålesund er eit samarbeid ved Newtonrommet med NTNU, NMK og Sparebanken Møre.

Tidsplan laurdag 9. november

08.00 Dørene opnar
09.00 Presentasjon startar
09.10 Robotkøyring startar
10.00 Opningsseremoni
10.30 Presentasjonar og robotkøyring fortset
11.00 2. runde robotkøyring
13.00 3. runde robotkøyring
14.00 Kvartfinalar robotkøyring
14.25 Semifinalar robotkøyring
14.45Finale robotkøyring
15.15 Avslutningsseremoni

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.