Aktuelt

Årets nynorskkommune

Nye Ålesund utmerkjer seg ved å ha ei raus og demokratisk innstilling til språk, meiner juryen. Prisen er på 100 000 kroner.

Pasientjournalen frå A – Å

Leiarar innan helse- og omsorgstenesten i nye Ålesund inviterast til fagseminar om skriving av pasientjournal fredag 29. november. Påmeldingsfristen er 12. november.

Vi søker leiarar

Nye Ålesund kommune søker plansjef og verksemdleiarar for vatn og avløp og plan, byggesak og geodata. Søknadsfristen er 1. november.

Endring i avlesing av vassmålar

På grunn av kommunesamanslåinga, vil avlesinga av vassmålarar for 2019 bli i januar i staden for i november.

Jobbe hos oss?

Det er ledig stillingar som assisterande rektor og rektor i Skodje og på Harøy, klinisk ernæringsfysiolog, styrar i barnehage, saksbehandlarar innan helse og omsorg og avdelingsleiar i butenesten. Bli med...

Smarte Ålesund i Teknisk ukeblad

I den siste utgåva av Teknisk ukeblad figurerer Ålesund på forsida og i ein større reportasje inne i fagbladet. Tittelen på artikkelen er "Utvikler byen med offshoreteknologi" og den tar...

Flytting mellom rådhus

Rådhusgruppa skal lage ei oversikt over flytteprosessane knytt til alle rådhus og tenester. Gruppa har bedt om ekstern hjelp for å sjå på korleis ein best kan utnytte eksisterande plass...

Berekraftsløftet - Stavangererklæringa

Nye Ålesund har vore med på å utvikle Stavangererklæringa for å sikre forankring og framdrift i berekraftsarbeidet. Erklæringa blei arbeidd fram under konferansen Nordic Edge i Stavanger.

Årets Brand til nye Ålesund!

Nye Ålesund blei kåra til Årets Brand på Industrial Design Conference  1. oktober! Prisen går til nokon som har utmerkt seg ved å skape, oppretthalde, vidareutvikle eller posisjonere seg.

Avgjerder i siste fellesnemnd

Fellesnemnda vedtok å opprette tre oppgåveutval på sitt siste møte. I tillegg behandla nemnda blant anna vedtak, forkrifter og gebyrforskrifter.

Pris til smarte Ålesund

Nye Ålesund fekk 1. oktober tildelt pris av den FN-organisasjonen United for Smart and Sustainable Cities (U4SSC). Ålesund var ein av fem byar som fekk pris frå FN-organisasjonen.

Siste møte i fellesnemnda

Det siste møtet i fellesnemnda blir halde 3. oktober i Brattvåg. 24. oktober tar kommunestyret over. Fellesnemnda skal blant anna diskutere å oppnemnde kommunens første oppgåveutval.

Irene Kalstad Aase til ÅKE

Leiar for politisk sekretariat i nye Ålesund, Irene Kalstad Aase blir avdelingsleiar for utleige og stønad i Ålesund kommunale eigedom (ÅKE) frå 1. januar.

Harøy skule treng deg

Skolen er ein barne- og ungdomsskole med 163 elevar og ligg vakkert til på Harøy. No treng vi deg som vil vere med i det pegagogiske utviklingsarbeidet som rektor og...

Bildelingsordning

Ei arbeidsgruppe skal kome med forslag til modell for å kunne ta i bruk bildelingsordning for tilsette, politikarar og innbyggarar i Ålesund kommune frå 2020. Det bestemte det partssamansette utvalet...

#heiltmitt - todagars folkefest!

Første søndag i 2020 inviterer nye Ålesund innbyggarane til storfest for den nye kommunen. Og dagen etter møtest 2 500 ungdomsskoleelevar til felles første skoledag i den nye kommunen.

Høyring om forskrifter

Fire forskrifter blir no lagt ut til høyring. Det gjeld gebyr for saker som gjeld forureining, brenning av avfall, nedgravne oljetankar og feitthaldig avløpsvatn i avløp. Høyringsfristen er 11. november.

Innstiller til fellesnemnda for siste ga…

Onsdag 25. september skal gebyrforskrifter, betalingsregulativ, reglement og vedtekter opp i arbeidsutval og partssamansett utval. Partssamansett utval skal også diskutere bildelingsordning for tilsette og innbyggarar.

4,5 millionar til breiband

Nye Ålesund har fått omlag 4 466 000 kroner til å bygge ut breiband på Flemsøy/Skuløy og Haramsøya. Tildelinga er øremerka område der kommersiell utbygging ikkje er lønnsam.

Fylket gir 2 mill. til smartare planlegg…

Ålesund kommune får støtte frå fylkeskommunen til eit prosjekt der målet er å samle inn data og utvikle simuleringsmodellar for meir effektiv og framtidsretta kommunal planlegging og drift.

Ordførar og varaordførar klar i Ålesund

Eva Vinje Aurdal blir ordførar i den nye kommunen, medan Vebjørn Krogsæter blir varaordførar. Det er klart etter forhandlingar i ein koalisjon mellom sju av partia som stilte til val.

Her er det nye kommunestyret

10. september blei det klart kven som skal sitje i kommunestyret i Ålesund. Kommunestyret skal ha 77 representantar og trer formelt i kraft frå 1. januar.

Førebels valresultat

Her er det førebelse valresultatet for nye Ålesund. Det endelege resultatet er ikkje klart før etter klokka 17.00, 10 september. Valoppslutninga var på 60,9 % i den nye kommunen.

Godt val!

Det er kommunestyre- og fylkestingsval 9. september. Valet skal gjennomførast som om den nye kommunen er i drift og du kan fritt velje mellom dei 14 vallokala i den nye...

Nyheitsbrev for september

Nyheitsbrevet til alle tilsette for september tar for seg ei revidering av dokumentet om tilsettingar i dei forskjellige kommunal- og stabsområda som gjekk ut til alle tilsette i mai. Nyheitsbrevet...

Nye Ålesund har inngått avtale med Frisk…

Friskus er ein digital møteplass som skal hjelpe dei som treng ei hand i kvardagen å kome i kontakt med menneska og organisasjonane som står klare til å hjelpe. Friskus...

Leiar for Ålesund Smart og berekraftig B…

Nye Ålesund kommune søker ein samfunnsengasjert, framtidsretta og nytenkande leiar for Ålesund Smart og berekraftig bylab (United for smart og sustainable cities lab –U4SSC Lab). Er det du?

Kva blir den nye kommunesongen?

Det har kome inn mange gode bidrag i konkurransen om ny kommunesong og juryarbeidet skal straks starte opp.

Velkomen til ope møte om innbyggartorg

Nye Ålesund inviterer innbyggarar, næringsliv, frivillige organisasjonar, politikarar, diverse råd og andre interesserte til ope møte om innbyggartorg. 

Fellesnemndas avgjerder

Fellesnemnda sender saken om å leige lokale under renoveringa av Ålesund rådhus over til det nye kommunestyret. Dette var ein av sakene dei behandla i møtet sitt 29. august.

> Nyhetsarkiv

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.