Prosjektorganisering

Etter vedtak i fellesnemnda i juni 2018, vil prosjektorganisasjonen bli organisert etter den overordna administrative strukturen i den nye kommunen. Prosjektleiar vil ha ei leiargruppe som består av rådmennene i kommunane og leiarane i styringsgruppene. Leiarane vil frå hausten 2018 vere dei nye kommunal- og stabssjefane i nye Ålesund. Dei delprosjekta som allereie er oppretta vil gå inn under det kommunal- eller stabsområdet der dei høyrer heime og skifte namn til faggrupper.

Tilsette får kome med innspel om:

  • Konkret inndeling i einingar innanfor kvart kommunal- og stabsområde.
  • Høyringa om den overordna administrative strukturen har forslag til oppgåveportefølje innan kommunal- og stabsområda, men ikkje inndeling i organisasjonseiningar. Dei tilsette vil få høve til å kome med innspel til dette. Tredje fase vil også omhandle korleis vi skal legge til rette for godt tverrfagleg samarbeid på tenestenivå.
  • Geografisk plassering av kommunal-og stabsområda blir også vurdert i ein seinare fase. Det ligg føringar i intensjonsavtalen.
  • Vurdering om bruken av kommunale føretak (KF) vil også kome i ein eigen prosess. Her er det  viktig å få fram tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag om kva eit KF er, og kjenne til tidlegare utgreiingar av dette.

Organisasjonskart for prosjektet med å danne nye Ålesund kommune:

 organisasjonskart oppdatert august 2018

Stabsområda er gule.

Kommunalområda er oransje.

Du kan sjå meir om kven som er med i dei forskjellige styringsgruppene og om arbeidet under punktet Stabs- og kommunalområde.

Styringsgruppemøte

Leiarane i styringsgruppene utgjer prosjektleiars/rådmanns utvida leiargruppe og møtast jamnleg.

Dette er ei vidareføring av av prosjektleiarforumet der delprosjektleiarane møttast.

Bakrunnen for å halde slike møte er fleire:

  • Bli kjente og informere kvarandre om prosjekt.
  • Få overblikk og se eige område i ein større samanheng.
  • Starte arbeidet med å koordinere seg i mellom, og se behovet for å jobbe vidare med å avklare gråsoner, overlapp og avhengigheiter.
  • Få felles føringar i mandat, felles bruk av prosjektomgrep, og lik tilnærming til prosjektskisse, ROS-analyse, og rapportering.

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.