Kontakt

Har du spørsmål til kommunereforma og den nye kommunen? Vi høyrer gjerne frå deg.

Skriv til nye Ålesund kommune

Post
Postboks 1521, 6025 Ålesund
E-post
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Tilsette i prosjektet

Astrid Eidsvik

Rådmann i nye Ålesund/ prosjektleiar

Tlf: 917 72 495

Tilsett 5. oktober 2017

Astrid J. Eidsvik kom frå stillinga som rådmann i Ålesund kommune, ei stilling ho blei tilsett i av bystyret i februar 2015. Eidsvik var før helsedirektør i Møre og Romsdal.

Rådmannen i nye Ålesund skal også vere prosjektleiar for etableringa av den nye kommunen og vil ha ei sentral rolle i å bygge og utvikle den i samarbeid med dei sittande rådmennene og dei fem deltakande kommunane forøvrig.

Bente Glomset Vikhagen

Bente Glomset Vikhagen

Assisterande prosjektleiar
Tlf: 950 22 878
Glomset Vikhagen kjem frå stillinga som rådmann i Skodje kommune og er tilsett i ei 100 % stilling som assisterande prosjektleiar, frå 1. april 2018. Glomset Vikhagen skal vere prosjektleiars stedfortredar fram til 1. januar 2020.

Synnøve Vasstrand Synnes

Synnøve Vasstrand Synnes

Assisterande prosjektleiar 50%
Tlf: 990 40 871
Vasstrand Synnes er rådmann i Ørskog kommune og er assisterande porsjektleiar i 50 % stilling med ansvar for oppfølging av prosjektet saman med prosjektleiar. Ho gjekk inn i stillinga som assisterande prosjektleiar 1. april 2018.

Kim André Breivik

Kim André Breivik

Assisterande prosjektleiar 50%
Tlf: 977 66 771
Kim André Breivik er teknisk sjef og beredskapsansvarleg i Sandøy kommune. Han har også fungert som rådmann i Sandøy i ein periode i 2017. Breivik er tilsett i ei 50 %stilling som assisterande prosjektleiar med eit spesielt ansvar for dei tekniske tenestene og planlegginga av beredskap i den nye kommunen. Breivik begynte i stillinga i prosjektorganisasjonen 1. april 2018.

Anne Bente Skjellum

Kommunikasjonsleder
Tlf: 915 59 666

Kommunikasjonssjef i Ålesund kommune sidan februar 2014

Anne Bente Skjellum er kommunikasjonssjef i Ålesund kommune og er frå våren 2017 kommunikasjonsleiar for prosjektet nye Ålesund kommune.

Skjellum er utdanna journalist frå Høgskulen i Volda, samt i språk (fransk og norsk) og jus frå Universitetet i Bergen. Skjellum har vore tilknytta NRK frå 1995 til våren 2012, med nokre opphald. Ho blei fast tilsett i NRK i 1997 og arbeida både som vaktsjef, programleiar og reportar, og med både radio og TV som arbeidsfelt. Skjellum har óg vore tilsett som nyheitsreporter i TV2. Før Skjellum blei kommunikasjonssjef i Ålesund kommune var ho redaktør og kommunikasjonsansvarleg i Norges Korforbund.

Helge Veum

Prosjektkoordinator for IKT og digitalisering
Tlf: 475 05 070

Tilsett oktober 2017

Veum har vore tilsett i Datatilsynet sida 2003 og avdelingsdirektør frå 2012.

Han har utdanninga si frå Høgskolen i Oslo, avdeling for ingeniørutdanning,  Queensland University of Technology i Brisbane, Australia og University of the South Pacific på Fiji. I tillegg er han utdanna frå Møre og Romsdal Tekniske fagskole i Ålesund og befalsskolen for marinen i Bergen.

Elin Moen

Elin Moen

Politisk sekretær 40%

Tlf: 70 20 75 32

Elin Moen er seksjonsansvarleg for forvaltning i rådmannen sin stab i Haram kommune, og har også tillagt funksjon som politisk sekretær. Frå hausten 2017 er ho frikjøpt 40% for å administrere dei politiske møta i arbeidsutval og fellesnemnd i nye Ålesund.

Har du forslag eller innspel til den nye kommunen?

Då vil vi veldig gjerne høyre frå deg!

Send oss ditt innspel, så kan det vere at vi tek kontakt med deg for å gå meir utdjupande informasjon.

Alle forslag vert mottekne med takk!

Rådmenn


Ordførarar


Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.