Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Førebels valresultat

Stemmesedlar_valgdirektoratetHer er det førebelse valresultatet for nye Ålesund. Det endelege resultatet er ikkje klart før etter klokka 17.00, 10 september. Valoppslutninga var på 60,9 % i den nye kommunen.

Det er ikkje klart kven som blir ordførar i kommunen endå, men det førebelse resultatet viser denne partifordelinga:

Arbeiderpartiet: 20,4 % en nedgang på 12 prosentpoeng(pp) frå forrige kommunestyreval

Høyre: 19,5 % opp 0,4 pp frå siste kommunestyreval

Fremskrittspartiet: 17,6 % opp 0,5 pp frå siste kommunestyreval

Senterpartiet: 12,9 % opp 6,5 pp frå siste kommunestyreval

Ålesundlista Tverrpolitisk liste for Ålesund: 8,3 % opp 4,1 pp frå siste kommunestyreval

Kristelig Folkeparti: 5,9 % ned 3,6 pp frå siste kommunestyreval

Miljøpartiet De Grønne: 4, 5 % opp 2,3 pp frå siste kommunestyreval

Sosialistisk Venstreparti: 3,1 % opp 1,5 pp frå siste kommunestyreval

Pensjonistpartiet: 2,2 % opp 2,2 pp frå siste kommunestyreval

Venstre: 2,0 % ned 3,3 pp frå siste kommunestyreval

Rødt: 1,8 % opp 1,4 pp frå siste kommunestyreval

Partiet De Kristne: 1,6 % opp 0,6 pp frå siste kommunestyreval

Liberalistene: 0,3 % opp 0,3 pp frå siste kommunestyreval

Kommunestyret

Nye Ålesund har 77 representantar i kommunestyret. Førebels ser det ut til at mandata blir fordelte slik mellom partia:

  • Arbeiderpartiet: 16
  • Høyre: 15
  • Fremskrittspartiet: 14
  • Senterpartiet: 10
  • Ålesundlista Tverrpolitisk liste for Ålesund: 6
  • Kristelig Folkeparti: 5
  • Miljøpartiet De Grønne: 3
  • Pensjonistpartiet: 2
  • Sosialistisk Venstreparti: 2
  • Venstre: 2
  • Partiet De Kristne: 1
  • Rødt: 1

Fremskrittspartiet ligg nærast til å miste eit mandat etter den førebelse opptellinga, medan Miljøpartiet De Grønne er nærast til å vinne eit mandat.

Alle reslutata er henta frå Valgdirektoratet si nettside valg.no.

Når trer kommunestyret inn?

Kommunestyret har sitt konstituerande møte 24. oktober, men trer ikkje formelt i funksjon før 1. januar 2020.

Ordførarane i dei fem kommunane fungerer i sine roller fram til årsskiftet og dei fem kommunestyra sin funksjonsperiode er forlenga ut året. Dei sittande kommunestyra har begrensa munde og ansvar dei siste månadane fram til 2020. Kommunestyra har etter loven berre ansvar og fullmakt til det som er nødvendig for å avslutte verksemda i dei eksisterande verksemdene.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.