Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Tid og stad for førehandstemming

VAL foto_tore_fjeldDet er kommune- og fylkestingval 9. september. Du kan stemme på førehand 12. august til 6. september. Her kan du sjå tid og stad for kvar du kan førehandstemme.

Valet i 2019 skal gjennomførast som om nye Ålesund kommune allereie er sett i drift.  Alle som stemmer ved valet i 2019 skal velje representantar til kommunestyret i nye Ålesund kommune som trer i kraft 1. januar 2020.

Det skal veljast 77 representantar frå dei forskjellige partia til det nye kommunestyret.

Kvar kan du stemme?

Du kan førehandsstemme i alle kommunar i landet i perioden 12. august til 6. september. Du vel sjølv kva kommune og stad du vil stemme, men du må vere innført i manntalet i ein kommune i Norge.

Oversikt over alle stemmestadane i førehandstemmeperioden i Ålesund finn du på valglokaler.no
og på denne lista:

Kommunen tar også imot førehandsstemmer på helse- og sosialinstitusjonar. I helse-og sosialinstitusjonar der det blir halde val, kan alle som ønsker det, møte opp for å stemme.

Desse finn du også på valglokaler.no

Utanriks

Førehandstemming utanriks er i perioden 1. juli – 30. august 2019. 

Tidlegstemming

I perioden 1. juli til 9. august kan du tidlegstemme på alle rådhusa i dei 5 kommunane i nye Ålesund

Opningstidene er:
Haram: Måndag - fredag 09.00 - 14.30
Sandøy: Måndag - fredag 09.00 - 15.00
Skodje: Måndag - fredag 10.00 - 14.00
Ørskog: Måndag - fredag 10.00 - 15.00
Ålesund: Måndag - fredag 09.00 - 15.30

Generell informasjon om valet

Du finn generell informasjon om valet på Valgdirektoratet si nettside valg.no

Informasjon om valet i nye Ålesund, med vallister for dei forskjellige partia finn du på nyealesund.no/politikk/val

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.