Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Sagen Major tilsett som framtidsnavigatør

Anne Lise Sagen Major - nytilsett framtidnavigatør august 2019Anne-Lise Sagen Major (46) er tilsett som framtidsnavigatør i nye Ålesund. Sagen Major begynte i stillinga 1. august.

Anne-Lise Sagen Major kjem frå stillinga som prosjektleiar for innføringa av Helseplattformen i Helse Møre og Romsdal.

- Vi er svært glade for å få Anne-Lise med på laget som bygger og utvikler nye Ålesund, seier stabssjef for teknologi og innovasjon, Helge Veum.

- Ho vil vere ein ressurs i arbeidet med å sette innovasjonsarbeidet i den nye kommunen i system og utvikle samarbeidet vi har med næringsliv og akademia, slår han fast.

Anne-Lise Sagen Major er ålesundar og utdanna farmasøyt med ein doktorgrad i plantekjemi frå den tekniske høgskolen i Zürich i Sveits. Ho har fleire års erfaring frå legemiddelindustrien og frå Sjukehusapoteka i Midt-Norge der ho hadde ansvaret for forsking og utvikling.  Ho har også vore avdelingsleiar for klinisk farmasi ved sjukehusapoteket i Ålesund. Ho var samtidig tilsett som forsker ved NTNU i Trondheim der ho blant anna forska på bruk av teknologiske løysingar i helsetenesta.  

- Dette er ein jobb eg er nysgjerrig på, og eg er veldig inspirert av engasjementet til prosjektorganisasjonen som bygger den nye kommunen, seier ho.

Sagen Major flytta tilbake til Ålesund med mann og barn i 2009 etter å ha budd borte sidan 1992.

- Det blir nesten som å flytte til Ålesund på nytt fordi eg får lære kommunen å kjenne på ein ny måte. For meg er det viktig å vere med å skape noko framtidsretta. Eg har eit sterkt ønske om å gjere Ålesund synleg som ein smart og berekraftig kommune, avsluttar ho.

Nye Ålesund er den einaste kommunen i landet som har tilsett framtidsnavigatør. Stillinga er ein del av kommunens ambisjon om å utvikle ein sterk innovasjonskultur.

- Innbyggarane i nye Ålesund skal få gode tenester gjennom heile livsløpet. Skal vi lukkast med dette, må kommunen vere ein attraktiv innovasjonsaktør, arbeidsgivar og samarbeidspart, seier Helge Veum.
Sagen Major vil ha kontorplass ved NMK (Norsk Maritimt Kompetansesenter) og på prosjektkontoret til nye Ålesund. Ei av oppgåvene er å legge til rette for at kommunen blir ein aktiv del av det nasjonale testmiljøet ved NMK, med innovasjonsprosjekt, nettverksbygging, kompetanseheving og idéutvikling.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.