Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Varsel om oppstart og høyring av planprogram

Dronefoto fra Vegsundområdet. Foto: Jarle Endre Osen

Vi varslar oppstart av arbeidet med ein felles klima-, areal- og transportplan for Region Ålesund. Forslag til planprogrammet ligg ute til offentleg ettersyn med høyringsfrist 30.09.2019.

Fellesnemnda for nye Ålesund, Giske kommunestyre og Sula kommunestyre vedtok i møte 13. juni 2019, med heimel i § 11-12, jfr kap. 9 (interkommunalt plansamarbeid), å varsle oppstart av arbeidet med ein felles klima-, areal- og transportplan for region Ålesund. Vidare blei det vedtatt å legge forslag til planprogram ut til offentleg ettersyn.


Ålesundsregionen er i sterk vekst og utvikling, og folk i regionen bur, arbeider og nytter fritidstilbod uavhengig av kommunegrensene. Klima-, areal- og transportplanen skal sjå utbyggingsareal og transportsystem på tvers av kommunegrensene, og stake ut ein felles, langsiktig og berekraftig kurs for korleis areal og trafikk skal forvaltast i regionen.


Planprogrammet utgjer første del av planprosessen, og er ei «oppskrift» på korleis planen skal utarbeidast. Planprogrammet skal mellom anna definere målsetting for planen, innhald i planen, kva utgreiingar som skal gjennomførast og korleis arbeidet skal leggast opp.

Send inn merknadar

Merknadar til planprogrammet og/eller innspel til planarbeidet kan sendast på epost til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. , eller per brev til Ålesund kommune, VH Plan og bygning, Postboks 1521, 6025 Ålesund.

Høyringsfrist er sett til 30.09.2019.

Plandokument:


pdfSaksutgreiing i Fellesnemnda: Varsel om oppstart av planarbeid og offentleg ettersyn av planprogram.pdf

pdfFelles saksutgreiing planprogram

pdfPlanprogram KATP 210519.pdf

pdfRapport fra politisk verkstad 150219.pdf

(Dronefoto frå Vegsundområdet. Foto: Jarle Endre Osen)

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.