Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Nye Ålesund og FN

Delegasjonen frå nye Ålesund, Giske og Sula i FNs hovudkvarter i GenèveI april var representantar frå regionen hos FN i Genève for å presentere tankane våre rundt det å bli smart og berekraftig. Vidare blei prosjektet presentert på teknologifestivalen 4Gamechangers. Du kan sjå videoar her.

Det var representantar frå nye Ålesund, Sula, Giske og samarbeidspartnar til nye Ålesund, Offshore Simulator Centre, som besøkte FNs hovudkvarter på FNs første samling for byregionar.

Day of Cities

Den økonomiske kommisjon for Europa (UNECE) haldt sitt 68. møte med temaet "Smart bærekraftig by» 9. - 10. april 2019 ved FNs europeiske hovudkvarter i Genève i Sveits.

Byane var inviterte for å gje innspel til dei mellomstatlege diskusjonane i dei 56 UNECE-medlemslanda. Nye Ålesund, Sula og Giske er inviterte fordi vi er ein av dei europeiske byregionane i FN sitt Smart City nettverk. Her skal vi utveksle synspunkt og dele kunnskap om god praksis og vellukka planlegging innan smart og berekraftig utvikling.

Leiar i fellesnemnda og ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal var einaste norske ordførar på talelista denne dagen.

Du kan sjå talen i denne videoen og finn den pdfpå engelsk i PDF i denne lenka

Rundebordkonferanse

Ordførar i Skodje, Dag Olav Tennfjord var med på rundebordkonferanse 9. april. Han snakka om korleis Ålesund tenker seg å bruke analysen frå FN som viser korleis Region Ålesund ligg an når det gjeld berekraft.

Du finn talen i denne lenka.

Dag Olav Tennfjord på rundebordkonferanse i FN

4Gamechange

Etter presentasjonane i FN, reiste ålesundsselskapet Offshore Simulator Centre (OSC), FN og ein representant frå nye Ålesund til Wien. Der blei samarbeidet om smartby-løysingar løfta fram på teknologifestivalen 4Gamechangers i Wien. Rundt 6 000 så Kari Aina Eik frå FN-nettverket United Smart Cities og Joel Mills frå OSC snakke om simulering og visualisering i ein berekraftig smartby-samanheng. Innlegga blei også kringkasta til fleire millionar via nett.  Du kan sjå videoen via denne lenka:

Digital twin - simulating the city of tomorrow today

FNs analyse av regionen

Nye Ålesund, Sula og Giske samarbeider med FN og fleire andre norske kommunar for å sikre berekraftig by- og regionsutvikling. Kommunane er den første byregionen i Noreg som fekk vere med i FNs arbeid med berekraft gjennom verdas største byutviklingsprogram, United Smart Cities.

FN har med dei sytten berekraftsmåla som dei har utvikla, gitt verda ein felles arbeidsplan for å stoppe klimaendringane, men bærekraftsmåla gjeld ikkje berre klima og miljø - dei er også utvikla for å bekjempe sosiale og økonomiske ulikeheiter.

I samband med at regionen er med i FNs smartbynettverk, har eit team av internasjonale og lokale ekspertar samla inn data for å utvikle smartbyprofilen - ein analyse av  regionens ståstad knytt til bruken av smart teknologi. Analysen blir presentert under konferansefestivalen The North West i Ålesund 25 - 27. april.

Tidlegare i år var FNs Smart City sjefsanalytikar John Smiciklas i Ålesund for å hjelpe til med innsamlinga av data til analysa. Her kan du sjå ein video der Smiciklas fortel kva som vil bli sett i gang i Ålesundregionen gjennom dette arbeidet. Kva inneber det, og kva kan vi oppnå dersom offentleg sektor, næringsliv og akademia samarbeider om  å bli ein Smart City. (artikkelen fortset etter videoen)

Sjå også:

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.