Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Kommunikasjonsansvarleg for smarte Ålesund?

berekraftsmålklossar Nye Ålesund søker ein samfunnsengasjert, framtidsretta og nytenkande kommunikasjonsansvarleg for smartbysatsinga.

Kommunikatøren får ei sentral rolle i å utvikle kommunikasjonen rundt Ålesunds smartbyarbeid internasjonalt, nasjonalt, regionalt og lokalt, og smartbylaben.
Ålesund har høge ambisjonar om å bli ein smart by som utarbeider løysingar til det beste for innbyggarane. Ein smart by bruker teknologi til å utvikle tenestene på ein berekraftig og innovativ måte med mennesket i sentrum. I botnen av alt planarbeid, utvikling og innovasjon skal FNs berekfraftsmål ligge.

Om stillinga

Som kommunikasjonsansvarleg skal du blant anna tilrettlegge for god kommunikasjon om smarte Ålesund, internt og eksternt, utforme og vedlikehalde kommunikasjonsstrategiar, vere redaktør for aktuelle nettstader og kanalar i sosiale medier, vere talsperson når det er ønskeleg.

Nye Ålesund søker deg som har relevant høager utdanning, erfaring med bruk av elektroniske publiseringsløysingar, er serviceinnstilt og kvalitetsbevisst, rask og fleksibel. Du må ha god kompetanse i strategisk planlegging og evne til gjennomføring vere kreativ, initiativrik og nyfiken og ha evne til å motivere og kunne bygge relasjonar internt og eksternt - og mykje meir.

Det er ønskeleg at du kjenner til FNs berekraftsmål og smartbytenkinga og har god kjennskap til kommunesektoren og offentleg forvaltning.

Vi tilbyr

Som kommunikasjonsansvarleg for smarte Ålesund får du spennande og utfordrande arbeidsoppgåver på strategisk nivå som inneber å vere med å forme smarte Ålesund kommune saman med prosjektteamet og prosjektorganisasjonen. Du kjem i tett kontakt med mange ulike fagmiljø innan det offentlege, akademia og privat næringsliv.

Dette er ei 100% stilling som vil ha arbeidsplassen ved Ålesund sin smartbylab ved Campus. Det må reknast med noko reising.

Om smartbysatsinga

 Nye Ålesund, Sula og Giske er den første byregionen som er tatt opp i FNs smartbynettverk, eit program som er basert på kjerneverdiane i FNs berekraftsmål.

Smarte Ålesund er basert på tverrfagleg samarbeid og skal utviklast i eit  samarbeid med næringsliv, akademia og andre samfunnsaktørar.

Ålesund etablerer i desse dagar Nord-Europas første smartbylab i samarbeid med FN. Smartbylaben koplar folk, idear og berekraftsprosjekt frå akademia, offentleg og privat sektor. Det blir gjort både fysisk og konkret i samskapingslokale, men også på digitale delingsarenaer for andre byar, besøkande og samarbeidspartar. Målet til ein smartbylab er å utvikle og iverksette berekraftsprosjekt innan tema som utdanning, helse, infrastruktur, mobilitet, energi i tillegg til å støtte og få fart på nye prosjekt.

Ålesund har gjennom NTNU, NMK og det marina og maritime miljøet ein unik tilgang til både teknologisk infrastruktur, forskings- og utviklingsmiljø og kompetansenettverk. FN-nettverket samarbeider også med Offshore Simulator Center (OSC) ved Campus i Ålesund. Målet er å utvikle eit simuleringsverktøy for berekraftig by- og regionsutvikling. - I simulatorane kan ein vise store mengder data på ein måte intuitivt og lett forståeleg måte.

Søknad

Søknadsfristen er 18. juni og du ser heile utlysningsteksten med kontaktpersonar i utlysningsannonsa.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.