Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Er du strategisk, framtidsorientert og modig?

3D-briller i innovativt miljø. Foto: Peder Otto DybvikDa er du kanskje vår nye framtidsnavigatør! Nye Ålesund kommune ønsker  å utvikle ein sterk innovasjonskultur og treng ein spydspiss til å føre an i arbeidet.

Du får ein sentral rolle i å utvikle, og å sette i system, nye Ålesund kommunes overordna innovasjonsstrategi, og mange av arbeidsoppgåvene dine vil vere nybrotsarbeid.

Nye Ålesund kommune skal levere gode, framtidsretta og berekraftige tenester til innbyggarar og næringsliv. Skal vi lukkast med dette, må nye Ålesund kommune vere ein attraktiv innovasjonsaktør, arbeidsgivar og samarbeidspart. Vi har difor etablert partnarskap og samarbeidsavtalar med næringsliv og akademia som gir oss ein unik tilgang til både teknologisk infrastruktur, forskings- og utviklingsmiljø og kompetansenettverk.

Framtidsnavigatøren vil få eit hovudansvar for å utvikle desse samarbeida vidare og koordinere FoU-aktivitetane våre. Dette handlar mellom anna om å lage gode rammer for å utnytte potensialet i partnarskapa, utarbeide finansieringsmodellar for prosjekt, og etablere system for å styre kommunen og partnarskapa sine aktivitetar og innovasjonsprosjekt. For å lukkast må tilsette, innbyggarar og samarbeidspartar vere involverte i arbeidet.

Stillinga er sentral i nye Ålesund kommune sitt framtidssenter, under stabsområde teknologi og innovasjon. Fram mot 2020 inngår stillinga i prosjektorganisasjonen for nye Ålesund. Arbeidsstad vil vere Ålesund sentrum og/eller på campus i Ålesund.

Sjå nyealesund.no for meir informasjon om den nye kommunen.

Kvalifikasjonar

Det er ønskeleg at den som blir tilsett har relevant utdanning på doktorgradnivå. Også kandidatar som har relevant mastergrad kan bli vurderte.

Framtidsnavigatøren vår må:

  • Ha god kunnskap og erfaring med organisasjonsutvikling og innovasjonsleiing.
  • Ha god kompetanse i strategisk planlegging og evne til gjennomføring.
  • Ha god kunnskap om prosessleiing og nettverksarbeid.
  • Vere strategisk og systematisk, kreativ, initiativrik og nyfiken.
  • Ha evne å motivere og vere god på å bygge relasjonar internt og eksternt.
  • Like å arbeide mot både enkeltindivid, gruppe og samfunn.
  • Ha pågangsmot og sjå mogelegheiter til å gå opp nye vegar.
  • Vere god til å kommunisere både skriftleg og munnleg, og evne jobbe godt både sjølvstendig og i samarbeid med andre.
  • Ha god humor.

Det er elles ønskeleg at du har:

  • Erfaring med etablering og oppstart av organisasjonar eller utvikling av nye forretningsmodellar.
  • Interesse for teknologiske trendar og dei mogelegheitene dette gir for innovasjon i offentleg sektor.
  • God kjennskap til FNs berekraftsmål.
  • God kjennskap til kommunesektoren og offentleg forvalting.
  • God kjennskap til verkemiddelapparatet og forskings- og utviklingsmiljø.

Vi tilbyr

Som vår nye medarbeidar får du spennande og utfordrande arbeidsoppgåver på strategisk nivå som inneber å vere med å forme nye Ålesund kommune saman med prosjektteamet og prosjektorganisasjonen. Du får delta i å etablere ein ny storkommune i stor utvikling, og du vil komme i tett kontakt med mange ulike fagmiljø.
Stillinga har gode og konkurransedyktige vilkår og god pensjons- og forsikringsordning.
Lønns-/arbeidsvilkår: Tilsetting og lønn etter lov- og avtaleverk.

Søknadsfristen er 2. april.

Sjå den fullstendige utlysinga for meir informasjon og kontaktperson.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.