Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Desse fekk støtte til å bli kjente

Ona Husøya Foto PederOttoDybvikArbeidsutvalet for nye Ålesund tildelte 408 000 kroner til ni søkarar frå Bli kjent-fondet på sitt møte 6. februar.

Arbeidsutvalet, som består av ordførarane og partssamansett utval som består av (ordførarane, tillitsvalde og ein representant frå vernetenesta møttast på Ingebrigt Davik-huset i Haram.

Bli kjent-fondet

Det var ni søkarar som fekk til saman 408 000 kroner i den første fordelinga av Bli kjent-fondet.  Det er arbeidsutvalet - som består av ordførarane i dei fem kommunane, som fordeler pengane. Alle dei som blei vurderte til å ha søkt innanfor pdfkriteria, fekk støtte frå fondet.

Desse fekk støtte:

  • Petter Drabløs, Astrid Overå, Lasse L. Fjørtoft - scenisk forestilling med arbeistittel Himmelsk lapskaus, 50 000 kroner
  • Ørskog trekkspelorkester - konsert, intervju og fotos med innhald frå alle kommunane, 50 000 kroner
  • Vibes Ålesund - multimediagruppe ønsker å kartlegge dei ulike kulturtilboda for ungdom i nye Ålesund og lage film, 50 000 kroner
  • Fargespill Ålesund - Multietnisk kulturprosjekt skla lage ei førestilling til hausten og har søkt om støtte til å dra på øvingshelg på Ørskogfjellet, 50 000 kroner
  • Ålesund Idrettsråd - seminaret Søvn er viktig, i samarbeid med Ålesund kommune, Sunnmøre fotballkrets og studentsamskipnaden, 40 000 kroner
  • Ungdata - fagdag av og med ungdom om korleis det er å vere ung i kommunane i samarbeid med førebyggande tenestene i dei fem kommunane, 50 000 kroner
  • Hatlane skolekorps - inviterer til musikalsk forbrødring med fem korps frå dei fem kommunane på øvingshelg og konsert i haust, 50 000 kroner
  • Ålesund kirkekor - går saman med Haram kyrkjekor, Skodje kyrkjekor og einskilde sangarar frå alle fem kommunane om ein julekonsertturné, 50 000 kroner
  • Kor For Oss - frå Nordøyane vil arrangere rockekonsert i Sandøy kommune, 18 000 kroner

16 søknadar kom inn til Bli kjent-fond. Søknadsfristen var 1. januar. Lag, foreiningar, skuleklassar og andre kan søke pengar til fellesarrangement eller aktivitetar pdfetter gitte kriterie.  Det er sett av 500 000 kroner til fondet i prosjektperioden. Neste søknadsfrist er 1. mai.

Felles helseplattform

Partssamansett utval og arbeidsutvalet innstiller på at nye Ålesund skal delta i det felles prosjektet for Helseplattformen.

Programmet Helseplattformen (www.helseplattformen.no) skal kjøpe og innføre ny pasientjournal ved sjukehus, kommunar, fastlegar og private spesialistar i Midt-Norge. Helse Midt-Norge og Trondheim kommune er hovudaktørar i kjøpet, og alle kommunane i Møre og Romsdal og Trøndelag er med via opsjonsavtalar. Helseplattformen er også ein regional pilot for den nasjonale målsettinga «Én innbygger – én journal». Det er berre i Midt-Norge at ein får det same systemet både i spesialist- og primærhelsetenesta.

Nye Ålesund kommune skal delta i prosjektet på tvers av alle kommunane på Nordre Sunnmøre. Dette prosjektet har også ei rolle i det felles prosjektet i Midt-Norge. Prosjektdeltakinga vil kreve intern prioritering av ressursar i helse- og
omsorgstenesta i den perioden prosjektet pågår. Det må leggast til rette med nødvendige ressursar for å lykkast med prosjektet. Det er ikkje forventa direkte økonomiske konsekvensar for kommunane med sjølve prosjektet i 2019, dei utgiftene er føresett dekt av eksterne midlar (skjønnstilskot frå Fylkesmannen). Deltaking i dette prosjektet gir ingen forpliktingar til å utløyse opsjonen på kjøp av Helseplattformen.

Saken skal vidare til fellesnemnda 14. februar. Prosjektleiinga understrekar at deltaking i prosjektet krev intern prioritering av ressursar, og ber om at nemnda gir prosjektleiar fullmakt til å prioritere prosjektet.

Tilsettingar i kommunale føretak

Partssamansett utval og arbeidsutvalet (AU) behandla eit forslag frå prosjektleiinga om å delegere tilsettingar av daglege leiarar i dei kommunale føretaket frå fellesnemnda til arbeidsutvalet. Dette gjeld dei føretaka som skal etablerast i nye Ålesund kommune frå og med 01.01.2020.

AU tok ikkje stilling til forslaget om delegering i møtet, men ber om at prosjektleiar før møtet i fellesnemnda 14. februar går i ein dialog med styra for dei kommunale føretaka om mandatet når det gjeld tilsetting. AU ber også om nærare avklaring om kven som har mynde til tilsetting av dagleg leiar. AU ber om at prosjektleiar presenterer resultata for fellesnemnda i møtet i februar.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.