Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Tildeling av Bli kjent-pengar

Sandøy Harøy Foto PederOttoDybvik6. februar blir det avgjort kven som får pengar i første utdeling frå Bli kjent-fondet. I tillegg skal både arbeidsutvalet og partssamansett utval behandle ein sak deltaking i prosjektet Helseplattformen. 

16 søknader er komne inn til den første fordelinga av Bli kjent-fond. Søknadsfristen var 1. januar. Lag, foreiningar, skuleklassar og andre kan søke pengar til fellesarrangement eller aktivitetar pdfetter gitte kriterie.  Det er sett av 500 000 kroner til fondet i prosjektperioden.

Det er arbeidsutvalet - som består av ordførarane i dei fem kommunane, som fordeler pengane.

Desse har søkt:

  • Nicholas F. Zabka - bli kjent tur med med klasse i naturbruk ved Volsdalen skole i Ålesund, har søkt om 30 000 kroner
  • Petter Drabløs, Astrid Overå, Lasse L. Fjørtoft - scenisk forestilling med arbeistittel Himmelsk lapskaus, har søkt om 50 000 kroner
  • Skodje pensjonistlag - seniortreff for pensjonistlaga i Møre og Romsdal, har søkt om 20 000 kroner
  • Hessa og Aspøy skolemusikkorps - deltaking på Norvesten på Gomerhuset i mars 2019, har søkt om 20 000 kroner
  • Ørskog trekkspelorkester - konsert, intervju og fotos med innhald frå alle kommunane, har søkt om 50 000 kroner
  • Norges Veteranforbund - aktivitetar for veteranar og pårarane i fleire av kommunane, har søkt om 50 000 kroner
  • Skodje barneskule - aktivitetar for å få elevane ved Valle, Stette og Skodje barneskule til å bli betre kjente før ungdomsskole, har søkt om 50 000 kroner
  • Dramaklasse Fagerlia vgs - klassetur til London, har søkt om 50 000 kroner
  • Vibes Ålesund - multimediagruppe ønsker å kartlegge dei ulike kulturtilboda for ungdom i nye Ålesund og lage film, har søkt om 50 000 kroner
  • Fargespill Ålesund - Multietnisk kulturprosjekt skla lage ei førestilling til hausten og har søkt om støtte til å dra på øvingshelg på Ørskogfjellet, har søkt om 50 000 kroner
  • Ålesund Idrettsråd - seminaret Søvn er viktig, i samarbeid med Ålesund kommune, Sunnmøre fotballkrets og studentsamskipnaden, har søkt om 40 000 kroner
  • Ungdata - fagdag av og med ungdom om korleis det er å vere ung i kommunane i samarbeid med førebyggande tenestene i dei fem kommunane, har søkt om 50 000 kroner
  • Hatlane skolekorps - inviterer til musikalsk forbrødring med fem korps frå dei fem kommunane på øvingshelg og konsert i haust, har søkt om 50 000 kroner
  • 8. klasse på Ørskog skule - midlar til studietur, har søkt om 30 000 kroner
  • Ålesund kirkekor - går saman med Haram kyrkjekor, Skodje kyrkjekor og einskilde sangarar frå alle fem kommunane om ein julekonsertturné, har søkt om 50 000 kroner
  • Kor For Oss - frå Nordøyane vil arrangere rockekonsert i Sandøy kommune, har søkt om 18 000 kroner

Felles helseplattform

Programmet Helseplattformen (www.helseplattformen.no) skal kjøpe og innføre ny pasientjournal ved sjukehus, kommunar, fastlegar og private spesialistar i Midt-Norge. Helse Midt-Norge og Trondheim kommune er hovudaktørar i kjøpet, og alle kommunane i Møre og Romsdal og Trøndelag er med via opsjonsavtalar. Helseplattformen er også ein regional pilot for den nasjonale målsettinga «Én innbygger –én journal». Det er berre i Midt-Norge at ein får det same systemet både i spesialist- og primærhelsetenesta.

Nye Ålesund kommune deltar i prosjektet på tvers av alle kommunane på Nordre Sunnmøre. Dette prosjektet har også
ei rolle i det felles prosjektet i Midt-Norge. Prosjektdeltakinga vil kreve intern prioritering av ressursar i helse- og
omsorgstenesta i den perioden prosjektet pågår. Det må leggast til rette med nødvendige ressursar for å lykkast med prosjektet. Det er ikkje forventa direkte økonomiske konsekvensar for kommunane med sjølve prosjektet i 2019, dei utgiftene er føresett dekt av eksterne midlar (skjønnstilskot frå Fylkesmannen). Deltaking i dette prosjektet gir ingen forpliktingar til å utløyse opsjonen på kjøp av Helseplattformen.

Arbeidsutvalet (ordførarane) og partssamansett utval (ordførarane, tillitsvalde og ein representant frå vernetenesta) skal ta stilling til om nye Ålesund skal delta i det felles prosjektet for Helseplattformen.

Saken skal vidare til fellesnemnda 14. februar. Prosjektleiinga understrekar at deltaking i prosjektet krev intern prioritering av ressursar, og ber om at nemnda gir prosjektleiar fullmakt til å prioritere prosjektet.

Tilsettingar i kommunale føretak

Partssamansett utval og arbeidsutvalet skal behandle eit forslag frå prosjektleiinga om å delegere tilsettingar av daglege leiarar i dei kommunale føretaket frå fellesnemnda til arbeidsutvalet. Dette gjeld dei føretaka som skal etablerast i nye Ålesund kommune frå og med 01.01.2020.

Forslaget inneber at fellesnemnda ber prosjektleiar om å førebu sak om tilsetting, og om at saka blir lagt fram for arbeidsutvalet i møte 20. mars.

Møta

Arbeidsutvalet og partssamansett utval har møte 6. februar på Inbebrigt Davik-huset i Brattvåg.

Partssamansett utval klokka 10.30 - 11.30.

Arbeidsutvalet klokka 12.00 - 15.00.

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.