Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Kartleggingssamtale for leiarar

ill: hallvardsfjellet Meiner du at du skal ha kartleggingssamtale i samband med innplassering/tilsetting i dei 10 kommunalsjef/stabssjefstillingane i nye Ålesund kommune? Dette gjeld berre leiarar som allereie er tilsette i ein av kommunane i nye Ålesund.

Vedlagt følgjer lenke til kompetansekrava til dei 10 toppleiarstillingane som skal tilsettast i nye Ålesund kommune.

Kompetansekrava

Det er gjennomført kartleggingssamtalar for leiarar som prosjektleiar meiner har krav på slik kartleggingssamtale etter hovudavtalen. Sidan kommunane er ulikt organisert, er det høve til å melde seg for kartleggingssamtale for desse stillingane om du meiner du har rett på slik samtale og bør vere med i tilsettingsprosessen.

Desse kartleggingssamtalane  og kompetansekrava gjeld berre for aktuelle kandidatar som allereie er tilsette i dei fem kommunane som utgjer nye Ålesund kommune.

Fristen for å melde si interesse er 15. august.

Ta kontakt med prosjektleiar Astrid J. Eidsvik om du har spørsmål/meiner du har rett på samtale.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.