Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Vedtak om finansiering av Nordøyvegen

Fellesnemd Ørskog 140618 Fellesnemnda vedtok i sitt møte 14. juni at nye Ålesund skal vere med å finansiere Nordøyvegen. Det blei også gjort andre vedtak om blant anna nettverkssamarbeid og Tall Ships Races.

Fellesnemnda møttast i Ørskog kommune og fekk fleire orienteringar før det formelle vedtaktsmøtet starta. Dette var det siste fellesnemndmøtet før sommaren.

Finansiering og bygging av Nordøyvegen

Fellesnemnda for nye Ålesund vedtok å vere med å finansiere bygginga av Nordøyvegen, og er innstillt på å gå i dialog med fylkeskommunen om dette.

Størrelsen på det økonomiske bidraget bør vere stort nok til å dekke eit låneopptak på minimum 200 millioner kroner. Dette beløpet må då innarbeidast i økonomiplanen til Haram/Sandøy kommune.

Fellesnemnda for nye Ålesund ser alvorleg på situasjonen rundt finansieringa og bygginga av Nordøyvegen etter at det er kome fram at prosjektet blir rundt 800 millionar kroner dyrare enn planlagt. Nordøyvegen er vesentleg for å binde saman alle delar av den nye kommunen, og utan dette sambandet vil det ikkje vere råd å realisere måla i intensjonsavtalen.

Fellesnemnda meiner nye Ålesund må engasjere seg både politisk og administrativt for at prosjektet skal bli realisert som planlagt.
Potensialet for meir effektiv drift i den nye kommunen er så stort at fellesnemnda meiner den nye kommunen bør binde seg til å bidra økonomisk til finansieringa av vegen slik at fylkeskommunen sin del av finansieringa kan reduserast.

Fellesnemda meiner difor det er forsvarleg for nye Ålesund å gå inn med finansiering i prosjektet, og er innstillt på å gå i dialog med fylkeskommunen om dette. Størrelsen på det økonomiske bidraget bør vere stort nok til å dekke eit låneopptak på minimum 200 millioner kroner. Dette beløpet må då innarbeidast i økonomiplanen til Haram/Sandøy kommune.

NexTdigital

Fellesnemnda for nye Ålesund vedtok at nye Ålesund kommune skal melde seg inn inn i det digitale nettverket NexTdigital for 2018 og 2019.

Kontigenten på 100 000 kroner skal dekkast av prosjektbudsjettet for nye Ålesund.

NexTdigital er eit nettverk av små og store verksemder etablert i Ålesundregionen med mål om å hjelpe kvarandre til å finne løysingar i digitaliseringsarbeidet. NexTdigital meiner at  tverrfaglig samarbeid er viktig for å styrke utviklinga innan det digitale skiftet.

Gjennom å jobbe aktivt med kunnskapsheving og kompetansedeling på Sunnmøre, ønskjer nettverket å bidra til et sterkt og framtidsretta næringsliv i vår region.

Nettverket består av små og store verksemder med ei breidde i kompetanse som strekk seg frå produksjon og logistikk til netthandelsløysingar og datadriven marknadsføring.

Nye Ålesund går inn i nettverket med bakgrunn i nye Ålesund sine ambisjonar kring innovasjon, nettverksarbeid og digitalisering.  Prosjektleiar meiner  at dette vil vere eit godt supplement til dei møteplassane kommunane nyttar i dag, og som er meir innretta mot offentleg sektor.

Den tverrfaglege dimensjonen inettverket er spesielt spanande. I tillegg har nettverket ambisjonar som samfunns- og regionsutviklarar som nye Ålesund kan identifisere seg med og støtte opp under.

Avtalen mellom nye Ålesund og NexTdigital vil førebels gjelde i prosjektperioden, ut 2019.

Avtale og presentasjon..

Klima-, areal- og transportplan

Fellesnemnda vedtok at nye Ålesund inngår ein samarbeidsavtale med Region Ålesund om ein samordna klima-, areal- og transportplan.

Bakgrunnen for denne saka er at kommunane i Region Ålesund ( Ørskog, Skodje, Sula, Giske, Sandøy og Ålesund), samt Møre og Romsdal fylkeskommune, har fatta vedtak i sine planstrategiar om å starte arbeidet med felles klima-, areal- og transportplan.

Hensikta med planarbeidet er å komme fram til målsettingar og prinsipp for god og samordna klima-, areal-og transportpolitikk for Ålesundregionen. Mål og prinsipp som samfunnsaktørar kan legge til grunn i den vidare utviklinga av regionen.

I planstrategiane til dei sju kommunane er føremålet med planarbeidet å sikre ei berekraftig utvikling og ein velfungerande bu- og arbeidsmarknadsregion for på denne måten å gje gode rammer for vidare vekst i regionen.

Sakspapir og forslag til samarbeidsavtale

The Tall Ships Races

Fellesnemnda vedtok at det blir sett ned ei arbeidsgruppe som får i oppdrag å finne ut om det er økonomisk og organisatorisk grunnlag for å sende inn søknad om nye Ålesund skal vere vertshamn for The Tall Ships Races. Fellesnemnda meiner at eit slikt arrangement ikkje bør haldast i den nye kommunen før 2023.

The Tall Ships Races blei sist arrangert med Ålesund som vertshamn i 2015. Evalueringa i etterkant konkluderte med eit svært vellukka arrangement for både byen og heile Sunnmøre.  Økonomisk gjekk også arrangementet i balanse. Suksesskriteriet vart vurdert til i stor grad å handle om god planlegging og tidleg oppstart av planlegginga, som mellom anna inkluderte sponsorinntekter fordelt over fleire år.

3. mai 2018 fekk bystyret i Ålesund framlagt ein sak om kommunen ønsker å vere arrangørby ein gong til. Den første moglegheita er i 2022. Bystyret vedtok å sende saken over til nye Ålesund kommuen og ba om at det settast ned ei arbeidsgruppe..

Fellesnemnda vedtok at første moglege tidpsunkt er 2023. Grunngjevinga for å flytte søknaden eitt år, er at det vil vere mykje arbeid igjen i forminga av den nye kommunen i dei første åra etter 2020. Å starte planlegginga av eit så stort arrangement midt i arbeidet med overgangen frå gamle kommunar til ny kommune, vil vere svært krevjande.

Økonomiske og driftsmessige konsekvensar

Å arrangere eit så stort arrangement som The Tall Ship Races er krevjande økonomisk og må derfor planleggjast i god tid om dette skal kunne gjennomførast.

I 2015 var Ålesund kommune sitt økonomiske bidrag 1,5 millioner og tilsvarande frå Ålesundsregionens havnevesen. Realistisk sett må ein for eit eventuelt framtidig arrangement setje av noko meir midlar både frå kommunen og havnevesenet for å sikre ein god økonomisk plattform. Det usikre er sjølvsagt i kor stor grad næringslivet vil bidra med sponsormidlar for å løfte fram dette arrangementet ein gong til. Det er her den største økonomiske risikoen ligg for prosjektet.  Det er kjent at fleire byar som har arrangert The Tall Ship Races har enda med store underskot, og dermed belasta kommunebudsjettet for underskotet.

Dersom Ålesund kommune vedtar å søke og få ansvar for å vere arrangørby, vil dette få både driftsmessige og organisatoriske konsekvenser. Tidlegere arrangement har vist at det vil vere behov for stor innsats frå tilsettebåde innan administrasjon, tekniske verksemder, kultur og kommunikasjon.

Fleire kommunar med i nye Ålesund?

Fellesnemnda stiller seg bak arbeidsutvalets vurderingar av dei risikoane som er knytt til tidspunkt for å fase inn nye kommunar i nye Ålesund.  Fellesnemnda meiner det er viktig for kommunar som vurderer å vere med i nye Ålesund og for fellesnemnda, å vere klar over at det er relativt mange risiki å kome inn midt i prosjektperioden eller rett etter at etableringa av den nye kommunen er eit faktum.

Fellesnemnda gir nye kommunar eit handlingsrom for å kome med fram mot 1. september i år. Deretter er neste moglegheit først rundt 2025.

Fellesnemnda har vore positiv til å ta imot fleire kommunar inn i fellesskapet om bygging av nye Ålesund kommune.  Arbeidet med kommunesamanslåing av kommunane rundt Ålesund starta med 12 kommunar.

Nye Ålesund er no midt i prosjektperioden for samanslåinga av kommunanen Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund. Dette er eitt av to prosjekt i landet som omfattar fem kommunar - dei to største samanslåingane i landet. Å slå saman fem ulike kommmunar er eit stort arbeid som krev tid.

Risiki for eventuelt nye kommunar som vil vere med

pdfOverordna administrativ organisering blei vedtatt av fellesnemnda i mai. Neste trinn er å tilsette leiarar i dei viktige stillingane rundt rådmannen: kommunalsjefar og stabssjefar. Dette arbeidet har starta. Dette er stillingar som i utgangspunktet skal dekkjast av personar som er tilsette i ein av dei fem kommunane. Dette betyr at hvis nye kommunar kjem inn etter hausten 2018, vil ikkje tilsette i sentrale leiarposisjonar i desse kommunane bli inviterte til å vere med i konkuransen om dei overordna leiarstillingane i nye Ålesund kommune. Det betyr at det vil vere større sjanse for overtalligheit og oppseiingar i dei eventuelt nye kommunane.

Prosjektorganisasjonen vil framover bli tilpassa den vedtekne overordna administrative organiseringa. Arbeidet i prosjektorganisasjonen vil vere å setje igang arbeid innan dei ulike tenesteområda under det einskilde kommunalområde. Arbeidet med å kartlegge, organisere og lokalisere dei ulike tenesteområda startar opp. Dersom nye kommunar kjem inn i midt i dette arbeidet, vil det gjere prosessane vanskelegare å handtere for den nye kommunen som kjem inn og for prosjektorganisasjonen. Prosessane i faggruppene vil bli forsinka og skape frustrasjon blant dei tilsette.

Budsjettarbeidet for 2020 må starte opp seinvinteren 2019 - om mindre enn eitt år. For at arbeidet skal kunne begynne, må prosjektorganisasjonen ha oversikt over personalet og kvar desse skal ha si tilhøyrigheit. Målet er at alle tilsette skal vere fasa inn i den nye organisasjonen innan april 2019. Om nye kommunar blir fasa inn hausten/vinteren 2018/2019, vil dette sette budsjettprosessen under press - noko som ikkje ønskeleg.

Når vi kjem til 1. januar 2020, er den nye kommunen i drift. Mykje er på plass, men det er no utviklingsarbeidet startar - det som skel vere gevinsten med samanslåinga av kommunane. Hvis nye kommunar melder seg straks nye Ålesund er etablert, får ikkje den nye kommunen konsentrert seg om desse viktige utviklingsoppgåvene. Det blir vanskeleg å starte nye fusjonsprosessar parallellt med sluttføring av den pågåande fusjonsprosessen.

Les heile vurderinga.

Andre saker

Fellesnemnda vedtok ein oppdatert versjon av styringsdokumentet for bygginga av nye Ålesund.

Valstyre

Fellesnemnda oppnemnte desse medlemmane i valstyret for å administrere kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2019.

  • Eva Vinje Aurdal (leiar) og Tore Johan Øvstebø (Ålesund)
  • Vebjørn Krogsæter og Randi Frisvoll Walderhaug (Haram)
  • Dag Olav Tennfjord (nestleiar) og Karoline Hauglid (Skodje)
  • Knut Harstad og Torill Leganger (Ørskog)
  • Oddvar Myklebust (Sandøy)

Varamedlemmer:

  • Øystein Tvedt og Anne Kristine Bryne (Ålesund)
  • Ewa Hildre og Svein Harsjøen (Haram)
  • Kari Grindvik og Geir Ove Leithe (Skodje)
  • Geir Peter Aure og Wenche Gausnes Aasen(Ørskog)
  • Åse Kristin Ask Bakke (Sandøy)

Sjå delegeringsmandat.

Inndeling i kommunestyrekomitear

Fellesnemnda vedtok at det skal vere fire kommunestyrekomitear. Komiteane skal vere basert på sektorprinspippet og følger den overordna administrative strukturen.

  • Oppvekst
  • Kultur og medborgarskap
  • Helse og omsorg
  • Teknisk, miljø og samferdsel

Ordførar og kontrollutvalet blir fritatt frå val til komitear etter den nye kommunelova.

Nærare oppgåveportefølje knytt til kommunestyrekomiteane blir innarbeidd i eit samla delegeringsreglement for nye Ålesund kommune.

Fellesnemnda vedtek følgjande strategi for ad hoc-komitear/oppgåveutval:

Nye Ålesund kommune skal i løpet av første kommunestyreperiode ha prøvd ut ordninga med ad hoc-komitear/oppgåveutval minst ein gong innanfor alle kommunalområda.

Du kan lese vedtak og sakspapir under Politikk > Møteplan og gjeldande møte.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.