Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Nettverkssamarbeid, Tall Ships og framdrift

ØrskogFellesnemnda skal 14. juni ta stilling til om nye Ålesund skal bli med i eit digitalt nettverkssamarbeid, The Tall Ships Races til nye Ålesund og bli orientert om status og framdrift for bygginga av ny kommune.

Fellesnemnda møtast i Ørskog kommune og skal få fleire orienteringar før det formelle vedtaktsmøtet startar klokka 13.00, 14. juni. Når det formelle møtet startar, vil det bli streama slik at det er mogleg å følge møtet direkte. Det vil bli lagt ut lenke til streaminga. Møtet er også ope for publikum. Dette er det siste fellesnemndmøtet før sommaren.

NexTdigital

Fellesnemnda for nye Ålesund vedtek skal ta stilling til om nye Ålesund kommune skal melde seg inn inn i det digitale nettverket NexTdigital for 2018 og 2019.

Kontigenten på 100000 skal dekkast av prosjektbudsjettet for nye Ålesund.

NexTdigital er eit nettverk av små og store verksemder etablert i Ålesundregionen med mål om å hjelpe kvarandre til å finne løysingar i digitaliseringsarbeidet. NexTdigital meiner at  tverrfaglig samarbeid er viktig for å styrke utviklinga innan det digitale skiftet.

Gjennom å jobbe aktivt med kunnskapsheving og kompetansedeling på Sunnmøre, ønskjer nettverket å bidra til et sterkt og framtidsretta næringsliv i vår region.

Nettverket består av små og store verksemder med ei breidde i kompetanse som strekk seg frå produksjon og logistikk til netthandelsløysingar og datadriven marknadsføring.

Prosjektleiar foreslår at nye Ålesund går inn i nettverket med bakgrunn i nye Ålesund sine ambisjonar kring innovasjon, nettverksarbeid og digitalisering.  Prosjektleiar meiner  at dette vil vere eit godt supplement til dei møteplassane kommunane nyttar i dag, og som er meir innretta mot offentleg sektor.

Den tverrfaglege dimensjonen inettverket er spesielt spanande. I tillegg har nettverket ambisjonar som samfunns- og regionsutviklarar som nye Ålesund kan identifisere seg med og støtte opp under.

Avtalen mellom nye Ålesund og NexTdigital vil førebels gjelde i prosjektperioden, ut 2019.

Forslag til avtale og presentasjon

Klima-, areal- og transportplan

Arbeidsutvalet foreslår at nye Ålesund inngår ein samarbeidsavtale med Region Ålesund om ein samordna klima-, areal- og transportplan.

Bakgrunnen for denne saka er at kommunane i Region Ålesund ( Ørskog, Skodje, Sula, Giske, Sandøy og Ålesund), samt Møre og Romsdal fylkeskommune, har fatta vedtak i sine planstrategiar om å starte arbeidet med felles klima-, area-l og transportplan.

Hensikta med planarbeidet er å komme fram til målsettingar og prinsipp for god og samordna klima-, areal-og transportpolitikk for Ålesundregionen. Mål og prinsipp som samfunnsaktørar kan legge til grunn i den vidare utviklinga av regionen.

I planstrategiane til dei sju kommunane er føremålet med planarbeidet å sikre ei berekraftig utvikling og ein velfungerande bu- og arbeidsmarknadsregion for på denne måten å gje gode rammer for vidare vekst i regionen.

Forslag til samarbeidsavtale

The Tall Ships Races

Tilrådinga frå arbeidsutvalet (AU) er at det blir sett ned ei arbeidsgruppe som får i oppdrag å finne ut om det økonomisk og organisatorisk grunnlag for å sende inn søknad om nye Ålesund skal vere vertshamn for The Tall Ships Races. Arbeidsutvalet meiner at eit slikt arrangement ikkje bør haldast i den nye kommunen før 2023.

The Tall Ships Races blei sist arrangert med Ålesund som vertshamn i 2015. Evalueringa i etterkant konkluderte med eit svært vellukka arrangement for både byen og heile Sunnmøre.  Økonomisk gjekk også arrangementet i balanse. Suksesskriteriet vart vurdert til i stor grad å handle om god planlegging og tidleg oppstart av planlegginga, som mellom anna inkluderte sponsorinntekter fordelt over fleire år.

3. mai 2018 fekk bystyret i Ålesund framlagt ein sak om kommunen ønsker å vere arrangørby ein gong til. Den første moglegheita er i 2022. Bystyret vedtok å sende saken over til nye Ålesund kommuen og ba om at det settast ned ei arbeidsgruppe..

Arbeidsutvalet har innstilt på å flytte tidespunktet til 2023. Grunngjevinga for å flytte søknaden eitt år, er at det vil vere mykje arbeid igjen i forminga av den nye kommunen i dei første åra etter 2020. Å starte planlegginga av eit så stort arrangement midt i arbeidet med overgangen frå gamle kommunar til ny kommune, vil vere svært krevjande.

Økonomiske og driftsmessige konsekvensar

Å arrangere eit så stort arrangement som The Tall Ship Races er krevjande økonomisk og må derfor planleggjast i god tid om dette skal kunne gjennomførast.

I 2015 var Ålesund kommune sitt økonomiske bidrag 1,5 millioner og tilsvarande frå Ålesundsregionens havnevesen. Realistisk sett må ein for eit eventuelt framtidig arrangement setje av noko meir midlar både frå kommunen og havnevesenet for å sikre ein god økonomisk plattform. Det usikre er sjølvsagt i kor stor grad næringslivet vil bidra med sponsormidlar for å løfte fram dette arrangementet ein gong til. Det er her den største økonomiske risikoen ligg for prosjektet.  Det er kjent at fleire byar som har arrangert The Tall Ship Races har enda med store underskot, og dermed belasta kommunebudsjettet for underskotet.

Dersom Ålesund kommune vedtar å søke og få ansvar for å vere arrangørby, vil dette få både driftsmessige og organisatoriske konsekvenser. Tidlegere arrangement har vist at det vil vere behov for stor innsats frå tilsettebåde innan administrasjon, tekniske verksemder, kultur og kommunikasjon.

Les innstillinga frå AU.

Fleire kommunar med i nye Ålesund?

Arbeidsutvalet stiller seg bak prosjektleiars vurderingar av dei risikoane som er knytt til tidspunkt for å fase inn nye kommunar i nye Ålesund og råder fellesnemnda til å stille seg bak vurderingane.  Prosjektleiar meiner det er viktig både for kommunar som vurderer å vere med i nye Ålesund og for fellesnemnda, å vere klar over at det er relativt mange risiki å kome inn midt i prosjektperioden eller rett etter at etableringa av den nye kommunen er eit faktum.

Sett frå prosjektleiar sin ståstad, har nye kommunar eit handlingsrom for å kome med fram mot 1. september i år. Deretter råder prosjektleiar til at fellesnemnda er tydeleg på at neste moglegheit først kan vere rundt 2025.

Fellesnemnda har vore positiv til å ta imot fleire kommunar inn i fellesskapet om bygging av nye Ålesund kommune.  Arbeidet med kommunesamanslåing av kommunane rundt Ålesund starta med 12 kommunar.

Nye Ålesund er no midt i prosjektperioden for samanslåinga av kommunanen Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund. Dette er eitt av to prosjekt i landet som omfattar fem kommunar - dei to største samanslåingane i landet. Å slå saman fem ulike kommmunar er eit stort arbeid som krev tid.

Risiki for eventuelt nye kommunar som vil vere med

pdfOverordna administrativ organisering blei vedtatt av fellesnemnda i mai. Neste trinn er å tilsette leiarar i dei viktige stillingane rundt rådmannen: kommunalsjefar og stabssjefar. Dette arbeidet har starta. Dette er stillingar som i utgangspunktet skal dekkjast av personar som er tilsette i ein av dei fem kommunane. Dette betyr at hvis nye kommunar kjem inn etter hausten 2018, vil ikkje tilsette i sentrale leiarposisjonar i desse kommunane bli inviterte til å vere med i konkuransen om dei overordna leiarstillingane i nye Ålesund kommune. Det betyr at det vil vere større sjanse for overtalligheit og oppseiingar i dei eventuelt nye kommunane.

Prosjektorganisasjonen vil framover bli tilpassa den vedtekne overordna administrative organiseringa. Arbeidet i prosjektorganisasjonen vil vere å setje igang arbeid innan dei ulike tenesteområda under det einskilde kommunalområde. Arbeidet med å kartlegge, organisere og lokalisere di ulike tenesteområda startar opp. Dersom nye kommunar kjem inn i midt i dette arbeidet, vil det gjere prosessane vanskelegare å handtere for den nye kommunen som kjem inn og for prosjektorganisasjonen. Prosessane i faggruppene vil bli forsinka og skape frustrasjon blant dei tilsette.

Budsjettarbeidet for 2020 må starte opp seinvinteren 2019 - om mindre enn eitt år. For at arbeidet skal kunne begynne, må prosjektorganisasjonen ha oversikt over personalet og kvar desse skal ha si tilhøyrigheit. Målet er at alle tilsette skal vere fasa inn i den nye organisasjonen innan april 2019. Om nye kommunar blir fasa inn hausten/vinteren 2018/2019, vil dette sette budsjettprosessen under press - noko som ikkje ønskeleg.

Når vi kjem til 1. januar 2020, er den nye kommunen i drift. Mykje er på plass, men det er no utviklingsarbeidet startar - det som skel vere gevinsten med samanslåinga av kommunane. Hvis nye kommunar melder seg straks nye Ålesund er etablert, får ikkje den nye kommunen konsentrert seg om desse viktige utviklingsoppgåvene. Det blir vanskeleg å starte nye fusjonsprosessar parallellt med sluttføring av den pågåande fusjonsprosessen.

Les heile framlegget.

Andre saker

Fellesnemnda skal behandle ein oppdatert versjon av styringsdokumentet for bygginga av nye Ålesund..

Fellesnemnda skal i tillegg:

Du finn heile møteinnkallinga og sakspapira under Politikk > Møteplan og gjeldande dato..

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.