Aktuelt

Vil ha byvåpenet i nye Ålesund

Fellesnemnda innstilte i dag mot 3 stemmer at Ålesund kommunes byvåpen blir nye Ålesund sitt kommunevåpen.

Nye Ålesund og FN

I april var representantar frå regionen hos FN i Genève for å presentere tankane våre rundt det å bli smart og berekraftig. Vidare blei prosjektet presentert på teknologifestivalen 4Gamechangers. Du...

Kommunikasjonsansvarleg for smarte Ålesu…

Nye Ålesund søker ein samfunnsengasjert, framtidsretta og nytenkande kommunikasjonsansvarleg for smartbysatsinga.

Foreslår to nye kommunevåpen

Komiteen for nytt kommunevåpen og ordførarkjede foreslår to nye kommunevåpen. 13. juni skal fellesnemnda gi si tilrådning  om nytt kommunevåpen til det nye kommunestyret som skal veljast i haust.

Rådhusgruppa har hatt første møte

Arbeidsgruppa for tilpassing av Ålesund rådhus hadde sitt første møte 4. juni. Kvar kommune vil få si lokale arbeidsgruppe som skal gå gjennom tilpassing av eige rådhus.

Har du ikke lest innbyggarmagasinet?

I slutten av mai fann du innbyggarmagasinet i postkassa di. Om du har forlagt det, har du sjansen til å lese det på nett. Les om teknologi som gir livsmeistring...

Avtale om breibandsutbygging inngått

Nye Ålesund har inngått avtale med Telenor Norge AS og Nordvest Nett AS om utbygging og drift av breiband i 26 område i den nye kommunen.

19 stillingar utlyste i nye Ålesund

Nye Ålesund har 19 stillingar utlyste. Det er 13 stillingar innan helse og sosial som er utlyste internt og seks stillingar i undervisning og opplæring med ekstern utlysing. Du finn...

Informasjon om arbeidet

Denne veka gjekk det informasjon til alle tilsette i dei fem kommunane om arbeidet og innplasseringa i stabs- og kommunalområda så langt det er kome no.

Innstillingar frå arbeidsutvalet

Arbeidsutvalet til nye Ålesund kommune såg på korleis ein skal behandle forskrift for gebyr på fleire tenester og innstiller på å auke Bli kjent-fondet.

1 300 kvadratmeter FN-lab på NMK

FN-laben for berekraftig og smart by skal ligge på NMK, og det første møtet har allereie vore i lokala.

Gebyr og søknadar til bli kjent-fond

Arbeidsutvalet til nye Ålesund kommune skal sjå på gebyra for fleire tenester og vurdere søknadene som er komne inn til bli kjent-fondet. Utvalet har sitt møte 29. mai i Ålesund.

Ei stilling for deg?

Ledige stillingar i nye Ålesund har no fått sitt eige punkt i hovudmenyen på nettsida. Her legg vi ut interne og eksterne stillingar i den nye kommunen.

Vil du bli leiar ved Harøy skule?

Harøy skule i Sandøy søker rektor og assisterande rektor. Er ei av stillingane noko for deg? Søknadsfristen er 14. juni.

Korleis skal vi jobbe i rådhusa?

Leiargruppa i nye Ålesund har bestemt seg for å sitte i kontorlandskap for å få til eit best mogleg samarbeid. Dei fleste andre rådhustilsette vil anten få nytt kontor eller...

Avgjerder i fellesnemnda 16. mai

Fellesnemnda vedtok framdriftsplan for innbyggartorg og utsette behandlinga av prosjektrekneskapen.

17. mai i nye Ålesund

Vi gratulerer med dagen i morgon og gjer eit forsøk på gje ei oversikt over programmet for dagen i nye Ålesund :-).

Klart for fellesnemndmøte

Fellesnemnda møtast i Ørskog 16. mai for å vedta framdriftsplan for innbyggartorg og godkjenne prosjektrekneskapen.

Assisterande kommunalsjef tilsett

Frode Helland er tilsett som assisterande kommunalsjef for området for miljø, by- og stadutvikling. Gratulerer til nye Ålesund og den nytilsette!

Intern utlysing som rektor

Det er eit vikariat ledig i 100 % stilling som rektor/einingsleiar ved Skodje barneskule. Dette er ei intern utlysing i Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund.

Nye Ålesund + NTNU = sant

Nye Ålesund og NTNU signerte 9. mai ein avtale om å formalisere samarbeidet mellom kommunen og universitetet. Signeringa skjedde under konferansen Ocean Week som NTNU arrangerte.

Er du vår nye leiar for innbyggartorga?

Nye Ålesund leiter etter deg som har erfaring, mot og lyst til å ta fatt som verksemdsleiar for innbyggartorga i nye Ålesund kommune. Søknadsfristen er 19. mai.

Vil du vere valmedarbeidar?

Måndag 9. september 2019 er det kommunestyre- og fylkestingsval. I år vil valet bli gjennomført som om Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund allereie er ein kommune og vi treng...

Desse skal designe forslag til nytt komm…

ELLE mELLE AS, I&M og Trolltegn AS er dei tre utvalde byråa som skal designe forslag til nytt kommunevåpen for nye Ålesund kommune.

Tilrådingar til fellesnemnda er klare

Arbeidsutvalet tilrår at fellesnemnda godkjenner prosjektrekneskapen for 2018 og følger framdriftsplanenn for innbyggartorg.

Ocean Week i Ålesund 9. mai

Ocean Week set hav på agendaen. I år er temaet hav i endring. Arrangementet er i regi av NTNU og blir halde på Campus 9. mai.

Rekneskap og innbyggartorg opp i utvala

Partssamansett utval og arbeidsutvalet skal i sine møte 8. mai blant anna behandle framdriftsplan for innbyggartorg og prosjektrekneskapen for 2018.

Ledige stillingar i Helseplattformen AS

Det er lyst ut rundt 60 stillingar i Helseplattformen AS. Fleire av desse stillingane kan vere aktuelle for fagfolk i kommunane.

Næringssjef tilsett i nye Ålesund

Inger Synnøve Remme er tilsett som næringssjef i nye Ålesund.

Første møte med smartkommunen

Folk frå alt frå helse til innkjøp, kultur og teknologi har fått ein tjuvstart på det som er Norges første smarte og berekraftige region.

> Nyhetsarkiv

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.